Rakfisklag, konsert og dansefest


Velkomne til rakfisklag, konsert og dansefest på Solhaug samfunnshus i Øystre Slidre kommune!

Foto: Eva Karlsson

Då frivilligfesten vi skulle hatt i september måtte avlysast, slår vi oss saman med Øystre Slidre spel- og dansarlag sitt rakfisklag. Det blir både fest, fisk og feiring denne kvelden!

Festen er open for alle, men dei som har jobba frivillig på Jørn Hilme-stemnet eller Strunkeveko i 2023 og 2024 kjem gratis inn. For andre vil gildet koste 250 kr.

Dette blir ein skikkeleg festkveld! Dei tre folkemusikknestorane Kari Steinsrud, Johanna Fuglesteg og Kari Hagaseth held ein konsert for oss. Vidare blir det både taler og mat før Valdres toradarlag, Syver Rolandsgard Hauge, Magne Olav Selland og fleire spelar opp til dans.

Treng du dansekurs før du kastar deg ut på golvet? Same dag held Marte Helene Aasen og Erland Voldhaug Andersen springarkurs - ope for alle!

Meld dykk på både kurs og fest innan 1. desember til post@hilme.no / 992 95 056. Gjev samstundes beskjed om det er omsyn vi skal ta i matvegen.

 

Når: laurdag 7. desember 2024 kl. 18.00
Kvar: Solhaug samfunnshus, Øystre Slidre
Pris: 250 kr vaksne, 150 kr ungdom 13 - 18 år, gratis for frivilligmannskap på Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko og born under 12 år.

 

 

Hilme året rundt
Start: Laurdag 7. desember kl. 18.00
Slutt: Sundag 8. desember kl. 01.00
Stad: Solhaug samfunnshus, Rogne
Pris: Sjå tekst