Internasjonal kvinnedagsfest 8. mars i Festsalen på Valdres Folkemuseum:
– Eit møte mellom kvinner i fortid og notid
Ingrid Lingaas Fossum og Brigitte Blomlie viser førestillinga «Danse mi dokke, springe min hest» om Berit på Pynte, appell ved One Enerud, varaordførar i Øystre Slidre og Tove Skjelstad intervjuar Suvdaa Etsb frå Mongolia. Programleiar: Eli Enger.
Servering av mat frå mange land!
«Danse mi dokke, springe min hest»
I denne førestillinga får vi møte dei mystiske dansedokkene til Berit på Pynte. Når Berit spelar på langeleiken sin, byrjar både små og store dokker å danse. Korleis får ho det til? Er det ein slags magi i den gamle musikken, som vekkjer dei til live? Og er det eigentleg noko moro å vere ei dansedokke, når du berre får danse når ein annan bestemmer det? «Danse mi dokke, springe min hest» er basert på ein fleire hundre år gammal tradisjon: Dansedokker (marionettar) til langeleikspel.Berit på Pynte var ein berømt langeleikspelar som levde i Valdres på 1800-talet. Ho budde på ein liten husmannsplass i Vestre Slidre, og brukte å underhalde folk som kom reisande forbi. Ho spelte langeleik, song og dansa – og var kjent for å bruke dansedokker, som ho festa i ein tråd i handa då hun spelte langeleik. Etter Berit finst det mange spennande historier og nedskriven musikk – mellom anna frå Edvard Grieg, som ein gong var på besøk på ei av reisene sine. Foto: Anders Lillebo
Medverkande
Ingrid Lingaas Fossum: langeleik, dans, sang
Brigitte Blomlie: dans, sang
Regi: Silje Risdal Liahagen
«Danse mi dokke, springe min hest» er produsert i samarbeid med Riksscenen og Hilmarfestivalen og støtta av Kulturrådet, Valdres Natur- og kulturpark, Furestiftelsen og Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Utøvarane har også hatt residens på Sprang landsdelscene for dans.
Arrangementet er støtta av Innlandet fylkeskommune, «Migrasjon og identitet» – utvandrermarkeringen 2025.
Billettar: hilme.ticketco.events eller i døra
Arrangørar: Hilme året rundt i samarbeid med Internasjonalt kvinneforum