Jazz på Gudbrandsdalsk


I eit samarbeid med Musikk i Innlandet har vi gleda av å presentere Jazz på Gudbrandsdalsk.

Valdres og Gudbrandsdalens musikalske institusjon Vegard Moshagen har gravd djupt i kulturarven frå Innlandet for å finne gull til trioprosjektet «Jazz på Gudbrandsdalsk». Den erfarne pianisten og formidlaren har med seg Jo Fougner Skaansar frå Lillehammer på kontrabass og legendariske John Pål Inderberg frå Trondheim på barytonsax. Foto: Musikk i Innlandet. Inspirert av den audmjuke og leikne tilnærminga frå Jan Johanssons bauta-utgjeving «Jazz på Svenska» (1964), gir Vegard seg i kast med våre eigne folketoner. Publikum kan vente seg eit nydeleg, lyrisk og jazza landskap, og garantert nokre overraskande vendingar undervegs.

Denne inspirerte trioen brenn for formidling – publikum vil også få møte unge, lokale musikktalent som bidrar under konserten! Vi presenterer våre lokale ungdommar:

Eivind Løvold Strand, 15 år, har spelt hardingfele i ca 6-7 år, med Jan Beitohaugen Granli og Magne Olav Selland som lærarar i kulturskulen. - Det beste med å spela eit instrument er at det gjer ein god følelse å få det til, artig å spele så folk dansar og høyrer på. Det er morro og givande, seier Eivind.

Kristina Ingeborg Opheimsbakken-Wright, 15, år, spelar hardingfele i Nord-Aurdal kulturskule. På spørsmålet om kva ho likar best med å spela eit instrument, svarar Kristina: - Det er interessant å spela hardingfele fordi eg liker musikk, og eg syns den har en interessant klang. 
Jessika Mara Ferar, 8 år, har spelt fiolin i Nord-Aurdal kulturskule i snart 3 år, og hardingfele i nokre få månader. Jessika seier: - Det eg likar best med fiolinen er lyden av den! Når eg spelar kjenner eg meg vakker fordi eg gjer folk glade når dei høyrer lydane. Hardingfela er spesiell for meg fordi den har nydeleg klang.

Fjordkaféen held opent fram til konsert-start denne kvelden. Så om du ønskjer eit måltid, eit glass, eller kaffe og biteti, er det gode mulegheiter for det!

Velkommen!

 

Arrangørar: Hilme året rundt og Musikk i Innlandet

 

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Sundag 30. mars kl. 19.00
Slutt: Sundag 30. mars kl. 20.30
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: kr 300 / kr 100 (UngINN 13–21 år)