Konsert og påskefest med pub, dans og spel i samarbeid Øystre Slidre spel- og dansarlag.
Konsert med Siljes salong
Silje Solberg, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes i trioen Siljes salong debuterte med konsert på Osafestivalen i 2023, og på tampen av fjoråret gav dei ut albumet med same tittel. I Siljes salong har for lengst gløymde runddansslåttar frå spelemannen Nils Brakvatne frå Osterøy si handskrivne notesamling fått nytt liv gjennom to- og trestemte arrangement. Her finn ein slåttar etter både Ola Mosafinn, Sjur Helgeland og Arne Høyland.
Konserten er ein dansekonsert som inneheld fortjeling og dansemusikk. Publium kan lytte til framføringa sitjande eller dansande. Salen riggast til med scene, stolar og eit lite dansegolv. Her ligg det an til god kommunikasjon mellom musikarar og publikum.
Etter konserten blir det variert dansespel, og dansegolvet blir utvida. Velkomment til ein triveleg påskefest.
Foto: Oddleiv Apneseth
Arrangørar: Hilme året rundt og Øystre Slidre spel- og dansarlag