To av landets fremste unge folkemusikarar på sine instrument: Andrea Søgnen, langeleik og Syver Rolandsgard, hardingfele møtast i ein splittkonsert på fyrste «Hilme året rundt»-konserten denne sesongen. Med ei stor dose speleglede og energi møter dei to publikum til ei nær og intens musikalsk oppleving. Dei syner oss korleis dei inspirerast og lærar frå dei musikalske kjeldene og førebileta sine og på ulike vis utviklar sin eigen spelestil. Velkommen!
Om utøvarane:
Syver Rolandsgard Hauge (f. 2006) kjem frå Vestre Slidre i Valdres og har allereie spelt hardingfele i 13 år. Med fleire topplasseringar på kappleik, blant anna på Landskappleiken og Oslokappleiken har han vorte ein av dei mest ettertrakta unge felespelarane i landet. Det er særleg tradisjon frå Vestre Slidre etter spelemenn som Andris A. Dahle og Harald Fylken som står sterkt hjå Syver. I tillegg til å lære av opptak har han gått i lære hjå Jan Beitohaugen Granli, Sivert Holmen og Magne Olav Selland. Foto: Anders Lillebo
Andrea Søgnen (f. 2001) kjem frå Gol og er ein av landets fremste langeleikutøvere med repertoar frå Hallingdal, Valdres og Telemark. Med fokus på langeleiken sine ulike klangar, groove og strøkbruk baner ho veg for nye uttrykk innanfor langeleikspelet med sin særeigne spelestil. Ho interesserer seg for overføring av låttar frå hardingfele og kveding, samt vidareføring av dei eldste notenteikningane på langeleik, og slik blir Andrea sitt repertoar unikt. I tillegg til å være soloutøvar, blir hun hyppig brukt til dansespel og til undervisning i både langeleik og folkedans.
Andrea er den første med bachelor i Folkemusikk med langeleik som hovudinstrument (Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland i 2023). Foto: Ole Johs. Brye
Konserten er støtta av Norsk Kulturfond
Arr: Hilme året rundt
Quizvinnar: Vi har hatt ein quiz gående, der en kunne vinne to konsertbillettar til denne konserten eller ein av dei andre konsertane i vår, dersom ein kunne svare på kven som skulle spela på konserten. Det var fleire om gjetta Søgnen, men kun var kun eitt rett svar om begge musikarane. Og vinnaren er: Maria Vaaje! Gratulerer!