Solefallskonsert
Solefallskonserten på stølslaget Jaslangen har vorte ein av Jørn Hilme-stemnet sine store publikumssuksessar, og det med god grunn.
Foto: Anne-Marte Før
Ein gong i året blir det vesle stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre kommune fylt av eit tusentals menneske. Med Hemsedalsfjella som bakteppe finn ein seg til rette i lyng og vier for å få med seg årets beste kombinasjon av musikk og natur.
Du kan kjøre eigen bil, men tenk gjerne på miljøet og hopp på bussen som vi set opp. Området er elles særs veleigna for sykkel om du ikkje er langvegsfarande.
Du får også kjøpt god stølskost som du kan nyte i lag med musikken og naturen.
Konserten i 2025 blir med sjølvaste Stein Torleif Bjella og Tvangsgutan kompani, les meir om den her.
Velkomen!