Korleis skal du reise og kvar skal du bu?
Under finn du oversikt over festivalkontor, opningstider, reiseplanlegging og overnatting.
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Festivalkontor
Festivalkontoret er i velkomstbygget på Valdres Folkemuseum. Kontoret er i 2024 ope frå tysdag 09. juli til sundag 14. juli:
- tysdag til onsdag kl. 9.30–17
- torsdag til laurdag kl. 9.30–24
- sundag kl. 10–16
post@hilme.no
992 95 056
Mat
God mat og drikke høyrer med i festleg lag og Valdres bognar av lokal kvalitetsmat som finn vegen til festivalmenyen vår. På museet samarbeider vi med den nyoppstarta Fjordkafeen. Dei er opptekne av god tradisjonsmat, og dei har ein variert meny. På menyen finn du alltid vegetariske alternativ. Fjordkafeen driftar både kafeen på museet, og matsalet i festteltet.
Reise
Fagernes, bygdebyen og regionsenteret i Valdres, ligg langs E–16, stamvegen mellom Oslo og Bergen, og reisetida frå store deler av Sør-Noreg er kort og kollektivtilboda mange.
Vi vil gjerne at du reiser miljøvenleg. Søk opp kollektivtilboda til Nor Way Bussekspress her. Kjem du med bil har vi godt med parkeringsplassar ved festivalcampingen, rundt om i Fagernes sentrum og ved Valdres Folkemuseum. Til konserten på Jaslangen oppmodar vi publikum om å ta festivalbussen. Herleg avslappande!
Overnatting
Her har vi samla ulike alternativer for overnatting. For meir informasjon kontakt Visit Valdres.
Festivalcamping
Jørn Hilme-stemnet har sin eigen festivalcamping midt i Fagernes sentrum. Campingen ligg på den gamle idrettsplassen nede ved Strondafjorden. Her har vi plass til både bubilar, campingvogn og telt. Festivalcampingen har tilgang til straum, vatn og garderobeanlegg. Bestill plass på festivalcampingen her.
Fagernes camping
Fagernes, like ved Valdres Folkemuseum
61 36 05 10
Campingplassen ynskjer ikkje bråk og festing
Valdres Camping
Leira, 4 km frå Fagernes mot Oslo
61 36 10 00
Bjørkestølen Helårscamping
Tisleidalen, 23 km frå Fagernes mot Gol
905 96 789
Strandheim hyttetun og camping
Leira, 5 km frå Fagernes mot Oslo/Gol
907 52 561
Fossen Camping
Skrautvål, 6,5 km frå Fagernes mot Beitostølen
61 36 35 34
Søndre Svennes Camping
Strand, 6,5 km frå Fagernes i retning Bergen
988 22 949
Aurdal fjordcamping og hytter
Aurdal, 15 kilometer frå Fagernes mot Oslo
61 36 52 12
Scandic Valdres
Fagernes sentrum
61 35 80 00
Nythun
Kruk, 13 km frå Fagernes i retning Steinsetbygda/Etnedal
61 35 79 30
Furulund pensjonat
Røn, 15 km frå Fagernes i retning Bergen
909 65 669