Gamaldans på 1, 2, 3


Instruktør: Martin Myhr

Foto: Knut Utler

Hugsar du dansen på lokalet? Eimen av kaffi og kringle, tonane frå ein toradar og praten rundt bordet. Var det i ein stille vals han kjende pulsslaga frå eit anna menneske? Å danse gamaldans gjer godt for kroppen og sjela. Dessutan er det ein fin måte å skaffe seg nye vener på. Jørn Hilme-stemnet er festivalen med dans på mange golv, og no har du høvet til å lære deg det grunnleggande for ein kveld på dansegolvet!

Meisterdansaren Martin Myhr frå Trysil, busett på Torpo i Hallingdal, kjem til Fagernes for å lære bort dei beste triksa for å finne takt, svikt og sviv. Spelemannen Tom Kjetil Tørstad står for stødig dansespel

Fakta:

  • Torsdag 10. juli klokka 15.30–18.00
  • Pris: 300 kr

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Torsdag 10. juli kl. 15.30
Slutt: Torsdag 10. juli kl. 18.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 300 kr