Kurs i folkesong FREDAG


Instruktør: Synnøve Brøndbo Plassen

Foto: Cathrine Dokken

Er du nysgjerrig på kva folkesong eigentleg er?  Vi er så heldige at vi har fått sjølvaste Synnøve Brøndbo Plassen til å vere instruktør på desse tre småkursa i folkesong. Synnøve har gjeve to soloalbum som begge vart nominerte til Spellemannsprisen, ho har motteke Folkelarmpris og vunne Kongepokal på Landskappleiken.  No er ho aktuell med nytt album med gruppa Hekate som har spesialisert seg på slåttetralling. Og no kjem ho for å halde kurs for deg!  Kursa er opne for alle som likar å synge, du treng ikkje ha førekunnskapar innan folkemusikk for å delta.

Temaet for kurset fredag er songar med innhald knytte til livet på setra. Seterlivet har vore ein viktig del av mange sitt liv i generasjonar, dette har også sett sitt avtrykk i musikken.

Fakta:

  • Fredag 11. juli klokka 10.00–12.30
  • Pris: 300 kr per dag

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Fredag 11. juli kl. 10.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 12.30
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: 300 kr