Kurs i folkesong ONSDAG


Instruktør: Synnøve Brøndbo Plassen

Foto: Cathrine Dokken

Er du nysgjerrig på kva folkesong eigentleg er?  Vi er så heldige at vi har fått sjølvaste Synnøve Brøndbo Plassen til å vere instruktør på desse tre småkursa i folkesong. Synnøve har gjeve to soloalbum som begge vart nominerte til Spellemannsprisen, ho har motteke Folkelarmpris og vunne Kongepokal på Landskappleiken.  No er ho aktuell med nytt album med gruppa Hekate som har spesialisert seg på slåttetralling. Og no kjem ho for å halde kurs for deg!  Kursa er opne for alle som likar å synge, du treng ikkje ha førekunnskapar innan folkemusikk for å delta.

Temaet for kurset onsdag er slåttetralling, altså korleis ein kan nytte song som dansemusikk.

Fakta:

  • Onsdag 9. juli klokka 15.30–18.00
  • Pris: 300 kr

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Onsdag 9. juli kl. 15.30
Slutt: Onsdag 9. juli kl. 18.00
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: 300 kr