Kurs i hardingfele FREDAG


Instruktør: Lars Erik Øygarden

Lars Erik Øygarden kjem frå Rauland i Telemark, og har spelt hardingfele langt på veg heile livet sitt. Desse tre kursdagane vil han vie til slåttar frå Telemark på ulike felestille. Eit nytt stille kvar dag. Ulike felestille har tradisjonelt vore nytta for å gje låttane ulike klangfarger og stemningar, og er framleis ein del av den levande folkemusikktradisjonen i Noreg. Du må vere litt vidarekomen for å få eit godt utbytte av desse kursa.

Fredag vil teamet vere låttar frå Telemark på halvgrått.

Fakta:

  • Fredag 11. juli klokka 10.00–12.30
  • Pris: 300 kr 

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Fredag 11. juli kl. 10.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 12.30
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 300 KR