Kurs i seljefløyte FREDAG


Instruktør: Silje Hegg

Seljefløyta er truleg eit av dei eldste instrumenta vi har, og vi finn slektningar av fløyta over heile verda. Instrumentet er ofte laga av borken på ei seljegrein, men levetida er kort, og difor finst fåe eldre, bevarte fløyter. På 60-talet tok Magnar Storbækken til med produksjon av seljefløyter av plast, surra inn i bork.

Silje Hegg er instruktør på seljefløyte i år. Ho kjem frå Vinje og har vunne fløyteklassa på Landskappleiken fleire gonger. Den autentiske stilen og rytmiske snerten gjer ho til ein svært omtykt utøvar og ein viktig representant for seljefløyta. Ho var tidlegare med i gruppa Blåmann Blåmann, som turnerte med stor suksess i både inn- og utland.

Fredag er via springar og pols. Låttane går i tretakt og Silje har eit stort utval låttar i ulik vanskegrad.

Fakta:

  • fredag 11. juli klokka 10.00–12.30
  • Pris: 300 kr 

 

Foto: Christine Stokkebryn

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Fredag 11. juli kl. 10.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 12.30
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 300 kr