Seminar: «Dansen og musikken rundt Filefjell»


Vegen over Filefjell har historisk vore den mest brukte vegen frå aust til vest, og den dag i dag kan vi framleis vandre Kongevegen over fjellet. Då er det kanskje ikkje så rart at også dansen og musikken har vorte påverka av kvarandre på kvar sine sider av fjellet?

I dette fagseminaret vil Stian Roland saman med eit handplukka utval musikarar, dansarar og nøye utvalde arkivopptak studere kva dansen og musikken i området rundt Filefjell har til felles. Ein vil særleg gå i djupna i tradisjonane på hardingfele, durpsel og dans frå Hemsedal, øvre Valdres og indre Sogn. Gjennom praktisk arbeid, studering av arkivmateriale og drøfting kring tema som rekruttering vil ein gjennom tre intense seminardagar ha eit mål om at dette seminaret kan bidra til å kveikje ny inspirasjon og nye eldsjeler.

Seminaret passar for studentar, pedagogar, utøvarar og generelt folkemusikk og -danseinteresserte.

Tidsplan: 
Onsdag 9. juli kl. 12.00 - 15.00
Torsdag 10. juli kl. 11.00 - 15.00
Fredag 11. juli kl. 10.00 - 13.00

Foto: Sverre Hjørnevik

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Onsdag 9. juli kl. 12.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 13.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 1000 kr vaksen, 400 kr student