Dans


Foto: Cathrine Dokken

Her kan du ta sigersdansen etter kviss-oppturen, eller kanskje treng du danse av deg eit surt nederlag? Uansett kva grunn du måtte ha, dans blir det, og det til musikk frå lokale heltar.

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Torsdag 11. juli kl. 21.30
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 00.00
Stad: Festsalen/Valdres folkemuseum

Bygdedans fredag


Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med over hundre gamle hus og bygningar. I dei gamle stovene er det spel frå mange dalføre. I lyset frå flakkande stearinlys kan du lyde til dei beste spelemennene og -kvinnene i landet, eller du kan ta del i dansen.

Foto: Eva Karlsson

Erfaren eller heilt fersk. La deg rive med i dei taktfaste stega. Kjenn varmen frå menneska som driv rundt i den same rytmen som deg sjølv. By opp til dans, eller ta handa som byr deg opp. I det sosiale samværet i dansen møtest menneske på tvers av ulike føresetnader. I det kroppslege nærværet med dansepartnaren din lærer du deg å ta omsyn, og å vise omsorg for eit anna menneske. Dessutan er det godt å verke saman med andre menneske! Velkomen, gamle og nye dansarar.

By opp sjølv, eller ta handa som byr deg opp, og bli med ut på golvet!

Velkomen, gamle og nye dansarar.

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 12. juli kl. 20.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 02.00
Stad: Valdres folkemuseum

Gamaldans fredag: Lendmenn


Til drivande godt dansespel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane! I festivalteltet diskar vi opp med gamaldans av beste klasse, og i kveld er det gruppa Lendmenn som står for musikken.

Foto: Johannes Selvaag


Lendmenn spelar fengande runddansmusikk med eit ungdommeleg og utåtvendt preg. Gruppa vart starta i 2005, og har i løpet av dei siste ti åra etablert seg som ei av dei fremste innan sin sjanger. Publikum og dansarar landet rundt har bite seg merke i den unike kombinasjonen av bratsj, toradar og trekkspel i drivande samspel med bass og gitar. All musikken dei spelar er tufta på dansemusikk, og dei meiner sjølv at musikken kjem til sin rett fyrst når det er dans til. Difor vart debutplata deira frå 2015, «Den fyrste», spelt inn med dansarar i lokalet. Repertoaret er sprekt og variert med ei god blanding av tradisjonelle og nyare komposisjonar. Lendmenn har vunne gruppespel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk tre gongar; i 2017, 2018 og 2022!


Lendmenn kjem med nytt album i januar 2025, men fyrst kjem dei til oss! God dans!


Medverkande:
Bjørn Kåre Odde, bratsj / fele
Øyvind Sandum , torader / trekkspel
Mads Erik Odde, trekkspel
Steinar Odde, gitar
Bjarne Odde, kontrabass

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 12. juli kl. 21.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 02.00
Stad: Festivalteltet/Valdres folkemuseum

Bygdedans laurdag


Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med over hundre gamle hus og bygningar. I dei gamle stovene er det spel frå mange dalføre. I lyset frå flakkande stearinlys kan du lyde til dei beste spelemennene og -kvinnene i landet, eller du kan ta del i dansen.

Foto: Eva Karlsson

Erfaren eller heilt fersk. La deg rive med i dei taktfaste stega. Kjenn varmen frå menneska som driv rundt i den same rytmen som deg sjølv. By opp til dans, eller ta handa som byr deg opp. I det sosiale samværet i dansen møtest menneske på tvers av ulike føresetnader. I det kroppslege nærværet med dansepartnaren din lærer du deg å ta omsyn, og å vise omsorg for eit anna menneske. Dessutan er det godt å verke saman med andre menneske! Velkomen, gamle og nye dansarar.

By opp sjølv, eller ta handa som byr deg opp, og bli med ut på golvet!

Velkomen, gamle og nye dansarar.

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 13. juli kl. 20.00
Slutt: Sundag 14. juli kl. 02.00
Stad: Valdres folkemuseum

Gamaldans laurdag: Hått


Når dei tre karane i gamaldansgruppa Hått byr opp til dans, gjer dei det på gamlemåten. Med runddansslåttar for hardingfele, eldre tonekjensle og urgamal toneføring i melodiane, vil dei lokke deg ut på dansegolvet.

Foto: Knut Utler

Hått har plukka fram gamaldansslåttar på hardingfele frå Telemark, Numedal og Valdres – slåttar som var i ferd med å gå i gløymeboka, men som i kveld skal strøyme utover festplassen på Valdres folkemuseum.

Medverkande:
Per Anders Buen Garnås, hardingfele
Nils Øyvind Bergset, trekkspel
Anders Røine, gitar

 

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 13. juli kl. 21.00
Slutt: Sundag 14. juli kl. 02.00
Stad: Festivalteltet/Valdres folkemuseum