Småfolk 4: «Danse, sa fela» med Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet


Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og listige krumspring prøvar ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen.

Danse, sa fela! er bygd opp som eit eventyr, og er ei moderne forestilling med tidlause referansar. Musikken og bevegelsesmaterialet er henta frå folkemusikken og folkedansen, og publikum vil gjennom dette språket bli introdusert for ei fantastifull fortelling.

Silje Onstad Hålien er dansar og koreograf, opprinneleg frå Valdres, no busett i Oslo. Ho er
kunstnerisk leiar for dansekompania Mamelukk og Villniss, og kjent for forestillingar som
"Livmødre", "101 hattar å sparke før eg døyr", "Dei gamle er eldst", "Reglebein Reglebein" og
"Pøbel i pels". I 2011 vart ho som fyrste kvinne i Norge kvalifisert for Eliteklassa i hallingdans.
I 2015 vart ho kåra til Årets Folkemusiker.

Nina Fjeldet er felespelar frå Gausdal, no busett i Målselv. Ho har ei lang karriere innan
kulturfeltet, både som musikar, artist, instruktør, produsent og arrangør. Kjent for
produksjonar som "Reglebein Reglebein", "Danse staur, danse staur" med dansekompaniet
Kartellet, "Kulturverkstad FOLK», og er i år aktuell med soloframsyninga «Ômvesla».

Merverkande:
Silje Onstad Hålien, dans, forteljing og song
Nina Fjeldet, fele, forteljing, song og dans

 

Småfolk
Start: Fredag 12. juli kl. 17.30
Slutt: Fredag 12. juli kl. 18.00
Stad: Slidrehuset/Valdres folkemuseum
Pris: Gratis