Dans - torsdag


Her kan du ta sigersdansen etter kviss-oppturen, eller kanskje treng du danse av deg eit surt nederlag? Uansett kva grunn du måtte ha, dans blir det, og det til musikk mellom anna frå kursintruktørane.

Foto: Cathrine Dokken

KJØP DAGSPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Torsdag 10. juli kl. 21.00
Slutt: Torsdag 10. juli kl. 00.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum

Bygdedans fredag


Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med over hundre gamle hus og bygningar. I dei gamle stovene er det spel frå mange dalføre. I lyset frå flakkande stearinlys kan du lyde til dei beste spelemennene og -kvinnene i landet, eller du kan ta del i dansen.

Erfaren eller heilt fersk. La deg rive med i dei taktfaste stega. Kjenn varmen frå menneska som driv rundt i den same rytmen som deg sjølv. By opp til dans, eller ta handa som byr deg opp. I det sosiale samværet i dansen møtest menneske på tvers av ulike føresetnader. I det kroppslege nærværet med dansepartnaren din lærer du deg å ta omsyn, og å vise omsorg for eit anna menneske. Dessutan er det godt å verke saman med andre menneske! Det vil vere dans på fleire golv heile kvelden, også medan det er konsertar.

By opp sjølv, eller ta handa som byr deg opp, og bli med ut på golvet!

Velkomen, gamle og nye dansarar.

Foto: Eva Karlsson

KJØP DAGSPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 11. juli kl. 20.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 02.00
Stad: Valdres Folkemuseum

Gamaldans: «Ein haile halve maone»


Til drivande godt dansespel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane! I festivalteltet diskar vi opp med gamaldans av beste klasse, og i kveld er det gruppene «Ein haile halve maone» og dei lokale heltane i «Valdres toradarlag» som står for musikken.

Gammaldansgruppa «Ein haile halve maone» består av folkemusikarar hovudsakleg frå Sogn. Musikken dei spelar er i all hovudsak tradisjonelle danseslåttar frå Jostedalen, og mykje av musikken er henta frå spelemennene Sjur Hesjevoll, Nils Ormberg og Olaf Sperle. Gruppa har markert seg på Landsfestivalen, og dei har gjeve ut det kritikarroste albumet «Jostedal».

Medverkande:
Mathilde Skjæret, hardingfele
Emil Horstad, trekkspel
Norill Terese Norheim, toradar
Vegard Hansen, kontrabass
Semon Harerusten, gitar

Foto: Thor Hauknes

KJØP DAGSPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 11. juli kl. 20.30
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 02.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum

Gamaldans fredag: «Valdres toradarlag»


Til drivande godt dansespel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane! I festivalteltet diskar vi opp med gamaldans av beste klasse, og i kveld er det gruppene «Ein haile halve maone» og dei lokale heltane i «Valdres toradarlag» som står for musikken.

«Valdres toradarlag» er ein god gjeng lokale heltar som debuterte med eit brak og gjekk sigrande ut av tevlingane på Storefjelltreffen i 2024. Sidan har dei spelt til dans og tevlingar og skaffa seg ein stadig veksande tilhengjarskare. No kjem dei til Hilme og lovar drivande godt dansespel til folket!

Medverkande:
Tom Kjetil Tørstad, toradar
Monica Litangen, toradar
Torjus Tørsdtad, toradar
Tor Nythun Bøe, trekkspel
Erik Onstad, trekkspel
Vegard Thon, toradar
Ole Kristian Leithe, toradar
Anders Espeseth, toradar
Kåre Vennevik, gitar
Jostein Hillestad, bass

Foto: langsveien.no

KJØP DAGSPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 11. juli kl. 20.30
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 02.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum

Bygdedans laurdag


Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med over hundre gamle hus og bygningar. I dei gamle stovene er det spel frå mange dalføre. I lyset frå flakkande stearinlys kan du lyde til dei beste spelemennene og -kvinnene i landet, eller du kan ta del i dansen.

Erfaren eller heilt fersk. La deg rive med i dei taktfaste stega. Kjenn varmen frå menneska som driv rundt i den same rytmen som deg sjølv. By opp til dans, eller ta handa som byr deg opp. I det sosiale samværet i dansen møtest menneske på tvers av ulike føresetnader. I det kroppslege nærværet med dansepartnaren din lærer du deg å ta omsyn, og å vise omsorg for eit anna menneske. Dessutan er det godt å verke saman med andre menneske! Det vil vere dans på fleire golv heile kvelden, også medan det er konsertar.

By opp sjølv, eller ta handa som byr deg opp, og bli med ut på golvet!

Velkomen, gamle og nye dansarar.

Foto: Eva Karlsson

KJØP DAGSPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 12. juli kl. 20.00
Slutt: Sundag 13. juli kl. 02.00
Stad: Valdres Folkemuseum

Gamaldans laurdag: «Valdres toradarlag»


Til drivande godt dansespel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane! I festivalteltet diskar vi opp med gamaldans av beste klasse, og i kveld er det gruppene «Over Stok og Steen» og dei lokale heltane i «Valdres toradarlag» som står for musikken.

«Valdres toradarlag» er ein god gjeng lokale heltar som debuterte med eit brak og gjekk sigrande ut av tevlingane på Storefjelltreffen i 2024. Sidan har dei spelt til dans og tevlingar og skaffa seg ein stadig veksande tilhengjarskare. No kjem dei til Hilme og lovar drivande godt dansespel til folket!

Medverkande:
Tom Kjetil Tørstad, toradar
Monica Litangen, toradar
Torjus Tørsdtad, toradar
Tor Nythun Bøe, trekkspel
Erik Onstad, trekkspel
Vegard Thon, toradar
Ole Kristian Leithe, toradar
Anders Espeseth, toradar
Kåre Vennevik, gitar
Jostein Hillestad, bass

Foto: langsveien.no

KJØP DAGSPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 12. juli kl. 20.30
Slutt: Sundag 13. juli kl. 02.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum

Gamaldans laurdag: «Over Stok og Steen»


Det er stor stas at den kjende gamaldansgruppa Over Stok og Steen kjem attende til Jørn Hilme-stemnet med sitt friske og fengjande dansespel.

Over Stok og Steen er ei av dei fremste gamaldansgruppene i landet. I over 25 år har dei spelt saman, og mykje av musikken deira har røter i tradsjonsmusikken frå Hedemarken. Gruppa har gått til topps i klassa for gruppespel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk heile fire gonger. Dei har gjeve ut fem plater og delteke på fleire andre produksjonar. I 2022 vann dei Folkelarm-prisen for plata TUR.

Medverkande:
Thomas Lomundal, fele og hardingfele
Thomas Nilssen, trekkspel
Ronny Kjøsen, trekkspel
Morten Brattås, gitar
Frode Slupphaug, bass

KJØP DAGSPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 12. juli kl. 20.30
Slutt: Sundag 13. april kl. 02.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum

Dansekonsert med «Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar»


Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar er eit spelemannslag frå Valdres som har spesialisert seg på å spela låttar ingen har spelt på 100 år. Bortsett frå nokon få då.

Med i laget er ein heil gjeng med gode spelemenn frå Valdres. Dei kan har vunne landskappleiken og vorte eit svært ettertrakta spelemannslag. Med sine møsagrodde låttar har dei sett fyr på dansegolvet i sjølvaste hovudstaden, der Tuvas Blodklubb omtalte dei som landets feteste spelemannslag!

På scena i festivalteltet stiller dei med press i buksa og nystemte feler - god dans! 

Foto: Bjørn Nylander

 

KJØP DAGSPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 12. juli kl. 22.30
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 23.30
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum