Bygdedans fredag


Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med over hundre gamle hus og bygningar. I dei gamle stovene er det spel frå mange dalføre. I lyset frå flakkande stearinlys kan du lyde til dei beste spelemennene og -kvinnene i landet, eller du kan ta del i dansen.

Erfaren eller heilt fersk. La deg rive med i dei taktfaste stega. Kjenn varmen frå menneska som driv rundt i den same rytmen som deg sjølv. By opp til dans, eller ta handa som byr deg opp. I det sosiale samværet i dansen møtest menneske på tvers av ulike føresetnader. I det kroppslege nærværet med dansepartnaren din lærer du deg å ta omsyn, og å vise omsorg for eit anna menneske. Dessutan er det godt å verke saman med andre menneske! Det vil vere dans på fleire golv heile kvelden, også medan det er konsertar.

By opp sjølv, eller ta handa som byr deg opp, og bli med ut på golvet!

Velkomen, gamle og nye dansarar.

Foto: Eva Karlsson

KJØP DAGSPASS »

KJØP FESTIVALPASS »

Dans
Start: Fredag 11. juli kl. 20.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 02.00
Stad: Valdres Folkemuseum