Til drivande godt dansespel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane! I festivalteltet diskar vi opp med gamaldans av beste klasse, og i kveld er det gruppene «Ein haile halve maone» og dei lokale heltane i «Valdres toradarlag» som står for musikken.
Gammaldansgruppa «Ein haile halve maone» består av folkemusikarar hovudsakleg frå Sogn. Musikken dei spelar er i all hovudsak tradisjonelle danseslåttar frå Jostedalen, og mykje av musikken er henta frå spelemennene Sjur Hesjevoll, Nils Ormberg og Olaf Sperle. Gruppa har markert seg på Landsfestivalen, og dei har gjeve ut det kritikarroste albumet «Jostedal».
Medverkande:
Mathilde Skjæret, hardingfele
Emil Horstad, trekkspel
Norill Terese Norheim, toradar
Vegard Hansen, kontrabass
Semon Harerusten, gitar
Foto: Thor Hauknes