Det er stor stas at den kjende gamaldansgruppa Over Stok og Steen kjem attende til Jørn Hilme-stemnet med sitt friske og fengjande dansespel.
Over Stok og Steen er ei av dei fremste gamaldansgruppene i landet. I over 25 år har dei spelt saman, og mykje av musikken deira har røter i tradsjonsmusikken frå Hedemarken. Gruppa har gått til topps i klassa for gruppespel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk heile fire gonger. Dei har gjeve ut fem plater og delteke på fleire andre produksjonar. I 2022 vann dei Folkelarm-prisen for plata TUR.
Medverkande:
Thomas Lomundal, fele og hardingfele
Thomas Nilssen, trekkspel
Ronny Kjøsen, trekkspel
Morten Brattås, gitar
Frode Slupphaug, bass