Gamaldans laurdag: «Valdres toradarlag»


Til drivande godt dansespel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane! I festivalteltet diskar vi opp med gamaldans av beste klasse, og i kveld er det gruppene «Over Stok og Steen» og dei lokale heltane i «Valdres toradarlag» som står for musikken.

«Valdres toradarlag» er ein god gjeng lokale heltar som debuterte med eit brak og gjekk sigrande ut av tevlingane på Storefjelltreffen i 2024. Sidan har dei spelt til dans og tevlingar og skaffa seg ein stadig veksande tilhengjarskare. No kjem dei til Hilme og lovar drivande godt dansespel til folket!

Medverkande:
Tom Kjetil Tørstad, toradar
Monica Litangen, toradar
Torjus Tørsdtad, toradar
Tor Nythun Bøe, trekkspel
Erik Onstad, trekkspel
Vegard Thon, toradar
Ole Kristian Leithe, toradar
Anders Espeseth, toradar
Kåre Vennevik, gitar
Jostein Hillestad, bass

Foto: langsveien.no

KJØP DAGSPASS »

KJØP FESTIVALPASS »

Dans
Start: Laurdag 12. juli kl. 20.30
Slutt: Sundag 13. juli kl. 02.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum