Sjokoladekappleik med elevar frå Strunkeveko


Kappleik høyrer med på sommarkurset Strunkeveko, det gjer også sjokolade! Mykje sjokolade.

Sjokoladekappleiken har kvart år ulike tema, her er det meste lov, og både elevar og lærarar let kreativiteten blomstre vilt. Her legg ein opp til fritt spelerom, og det er berre å glede seg til alle sprella som vil dukke opp. Kven har årets artigaste innslag, og kven vinn prisen for beste kostyme? Kven har X-faktoren? Eit høgdepunkt med kreative innslag og rause dommarar.

Foto: Knut Utler


Start: Onsdag 9. juli kl. 19.00
Slutt: Onsdag 9. juli kl. 20.30
Stad: Merket, Tisleidalen
Pris: 160 kr

Kappleik for juniorar


Kappleiken har heilt sidan starten i 1960 vore ein svært viktig del av Jørn Hilme-stemnet. Og det er den framleis! I år går kappleiken for juniorane føre seg på Trykkeriet kulturarena. Der er det gratis inngang for alle publikummarar. Vel møtt til kappleik! 

Pris for deltakarar:
For juniorar som ikkje har delteke på Strunekveko er prisen 150 kr. Strunkeelevane deltek gratis. Deltaking på kappleik gjev også gratis inngang på Sommarkveld på Valdres folkemuseum fredag kveld.

Påmeldinga opnar søndag 1. juni, og du kan melde deg på fram til onsdag 9. juli. Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Erland Voldhaug Andersen:  erlandva@hotmail.com. Startlister blir publisert på nettsider, Facebook og på festivalkontoret dagen før tevlinga.

Ynskjer de å melde på juniorlag til lagdansen, sender de ein epost til Erland Voldhaug Andersen: erlandva@hotmail.com

Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse (junior og senior) – går vidare til finalespel på museet laurdag kveld.

Kappleiken har totalt ni klasser:
Open klasse
Eldre folkemusikkinstrumentHalling
Hardingfele / vanleg fele
Pardans
Samspel av alle slag
Toradar/trekkspel
Vokal
Lagdans (går føre seg på museet laurdag kveld)

Foto: Cathrine Dokken


Start: Fredag 11. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 19.00
Stad: Trykkeriet kulturarena, Fagernes sentrum
Pris: Gratis inngang for publikum

Kappleik for senior


Kappleiken har heilt sidan starten i 1960 vore ein svært viktig del av Jørn Hilme-stemnet. Og det er den framleis! I år går tevlingane til seniorane føre seg på Trykkeriet kulturarena. Der er det gratis inngang for alle publikummarar. Sjokoladekappleiken, lagdans og finalespel går føre seg under Sommarkveld på Valdres folkemuseum laurdag.

 Vel møtt til kappleik!

Pris for deltakarar:
For seniorar kostar det 300 kr å delta. Deltaking på kappleik gjev gratis inngang på Sommarkveld på Valdres folkemuseum laurdag.
Lagdansarar som ikkje har delteke på kappleik tidlegare kjøper ein eigen lagdansbillett på stemnekontoret som gjeld for heile kveldsarrangementet på Valdres Folkemuseum.

Påmeldinga opnar søndag 1. juni, og du kan melde deg på fram til onsdag 9. juli. Lagdans melder seg på med ein epost til: erlandva@hotmail.com

Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Erland Voldhaug Andersen erlandva@hotmail.com. Startlister blir publisert dagen før tevlinga.

Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei tre med høgast poengsum – uavhengig av klasse – går vidare til finalespel laurdag kveld på Valdres Folkemuseum.

Kappleiken har totalt ni klasser:

Open klasse
Eldre folkemusikkinstrument
Halling
Hardingfele / vanleg fele
Pardans
Samspel av alle slag
Toradar/trekkspel
Vokal
Lagdans

Foto: Anders Lillebo


Start: Laurdag 12. juli kl. 10.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 18.00
Stad: Trykkeriet kulturarena, Fagernes sentrum
Pris: Gratis inngang for publikum

Go’kar-tevling


Bur det ein go’kar i deg? Kan du strekke kalveskinn og spenne revkrok?

Bli med på Go’kartevling i Fagernes sentrum laurdag midt på dagen. Tradisjonen tru møtest go’karar og go’kvinner frå heile landet til uformell, men prestisjetung kappestrid. Her vinn den som spenner høgast, hoppar lengst og vrir og vrengjer mest på seg i tråd med tradisjonen.

Er du ein go’kar? Meld deg på før kl. 12.00 på Skiferplassen.

Om du, som dei fleste av oss, ikkje kan nokon av desse triksa, så kom og sjå!

Foto: Eva Karlsson


Start: Laurdag 12. juli kl. 12.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 13.00
Stad: Skiferplassen, Fagernes sentrum
Pris: Gratis