Kappleiken har heilt sidan starten i 1960 vore ein svært viktig del av Jørn Hilme-stemnet. Og det er den framleis! I år går kappleiken for juniorane føre seg på Trykkeriet kulturarena. Der er det gratis inngang for alle publikummarar. Vel møtt til kappleik!
Pris for deltakarar:
For juniorar som ikkje har delteke på Strunekveko er prisen 150 kr. Strunkeelevane deltek gratis. Deltaking på kappleik gjev også gratis inngang på Sommarkveld på Valdres folkemuseum fredag kveld.
Påmeldinga opnar søndag 1. juni, og du kan melde deg på fram til onsdag 9. juli. Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Erland Voldhaug Andersen: erlandva@hotmail.com. Startlister blir publisert på nettsider, Facebook og på festivalkontoret dagen før tevlinga.
Ynskjer de å melde på juniorlag til lagdansen, sender de ein epost til Erland Voldhaug Andersen: erlandva@hotmail.com
Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse (junior og senior) – går vidare til finalespel på museet laurdag kveld.
Kappleiken har totalt ni klasser:
Open klasse
Eldre folkemusikkinstrumentHalling
Hardingfele / vanleg fele
Pardans
Samspel av alle slag
Toradar/trekkspel
Vokal
Lagdans (går føre seg på museet laurdag kveld)
Foto: Cathrine Dokken