Kappleiken har heilt sidan starten i 1960 vore ein svært viktig del av Jørn Hilme-stemnet. Og det er den framleis! I år går tevlingane til seniorane føre seg på Trykkeriet kulturarena. Der er det gratis inngang for alle publikummarar. Sjokoladekappleiken, lagdans og finalespel går føre seg under Sommarkveld på Valdres folkemuseum laurdag.
Vel møtt til kappleik!
Pris for deltakarar:
For seniorar kostar det 300 kr å delta. Deltaking på kappleik gjev gratis inngang på Sommarkveld på Valdres folkemuseum laurdag.
Lagdansarar som ikkje har delteke på kappleik tidlegare kjøper ein eigen lagdansbillett på stemnekontoret som gjeld for heile kveldsarrangementet på Valdres Folkemuseum.
Påmeldinga opnar søndag 1. juni, og du kan melde deg på fram til onsdag 9. juli. Lagdans melder seg på med ein epost til: erlandva@hotmail.com
Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Erland Voldhaug Andersen erlandva@hotmail.com. Startlister blir publisert dagen før tevlinga.
Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei tre med høgast poengsum – uavhengig av klasse – går vidare til finalespel laurdag kveld på Valdres Folkemuseum.
Kappleiken har totalt ni klasser:
Open klasse
Eldre folkemusikkinstrument
Halling
Hardingfele / vanleg fele
Pardans
Samspel av alle slag
Toradar/trekkspel
Vokal
Lagdans
Foto: Anders Lillebo