Stølseventyr med lokkekurs, stølskost og konsert
I sommar kan du vere med på eit ekte stølseventyr på vakre Olestølen i Øystre Slidre kommune!
Foto: Skimakern og budeia
I desember 2024 vart stølskulturen lista på UNESCO si verdsarvliste over immateriell kulturarv, og Valdres blir rekna for å vere tyngdepunktet i stølsriket. Ved Olevatn i Øystre Slidre kommune finn vi budeia Kathrin Aslaksby og geitene hennar. Kathrin og mannen Thomas driv ein økologisk geitegard i den velse bygda Dale. Kvar sommar reiser dei til fjells med geitene sine, og no kan du vere med!
Pedagog, tradisjonsbærar og folkemusikar Karin Kolterud vil lære bort lokking til nysgjerrige kursdeltakarar. Ho er sjølv tradisjonsbærar etter bestemor si Anne Kolterud frå Etnedal, og har også nytta lokking som ein reiskap til mindfulness. Ein treng ikkje erfaring frå song eller lokking for å vere med, kurset blir tilpassa deltakarane.
Budeia vil by på ein nydeleg lunsj med ureist mat frå stølen og garden, og dagen rundast av med ein eksklusiv konsert med kvedarane Marit Karlberg og Øyonn Groven Myhren.
Vel møtt til ein innhaldsrik dag i eit levande stølslandskap!
Medverkande:
Karin Kolterud
Kathrin Aslaksby
Marit Karlberg
Øyonn Groven Myhren
Praktisk info:
Hugs gode klede, Olestølen ligg 1.000 meter over havet, og kan by på friske temperaturar sjølv sommarstid.
Vegbeskriving:
Frå Fagernes køyrer du fylkesveg 51 (Bygdinvegen) i 33,7 km, så tek du til høgre inn på Olevegen og følgjer denne i 8 km.
Olevegen er bomveg (70 kr), og vi oppmodar til samkøyring. Det er også fint og sykle innover på stølsvegen
Påmeldingsfrist: 1. juli
Start: Sundag 6. juli kl. 11.00
Slutt: Sundag 6. juli kl. 16.00
Stad: Olestølen, Øystre Slidre
Pris: 900 kr
Konsert. «Tostemt». Marit Karlberg og Øyonn Groven Myhren
Med finurlege arrangement, rytmisk snert, humor og varme vil Marit Karlberg og Øyonn Groven Myhren servere oss ein variert konsert med det smale konseptet tostemt slåttetralling, supplert med lyarlåttar og danseviser akkompagnert med lyre og langeleik.
Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg var sentrale i vokalkvartetten Dvergmål, som gav ut platene “Visor og kvæde frå Blåberglandet» (Grappa, 1996) og «Song i himmelsalar» (Heilo/Grappa, 2004), den fyrste Spellemannpris-nominert.
No, over 25 år seinare, har dei to teke opp att tråden og fordjupa seg i slåttetralling og hardingfeleslåttar frå Telemark og Valdres, som dei har overført til vokalt duoformat. Dei har også funne fram eit knippe danseviser som dei syng med lyre- og langeleikspel til.
Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg er av våre fremste kvedarar med ei lang rekkje soloplater, prosjekt, prisar og kappleikssigrar i bagasjen. Øyonn er nok mest kjend for samarbeidet med Odd Nordstoga om tingingsverket “Nivelkinn”, og Marit kjenner mange som eine halvparten av duoen Sudan Dudan.
Vi ynskjer velkomne til majestetiske Bygdin Høifieldshotel og nydeleg konsert med «Tostemt»!
Medverkande:
Øyonn Groven Myhren – vokal og lyre
Marit Karlberg – vokal og langeleik
Foto: Knut Utler
Start: Sundag 6. juli kl. 19.00
Slutt: Sundag 6. juli kl. 20.00
Stad: Bygdin Høifieldshotel
Pris: 300 kr (vaksen), 150 kr (13 år - 18 år), barn under 12 år går gratis
Opningskonsert med lærarane på Strunkeveko
Strunkeveko har dei beste lærarane, og desse må få vise seg fram!
Strunkeveko har utvikla seg til å bli det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans med nær 100 elevar kvart år. På Strunkeveko får elevane kunnig kursing av dei beste lærarane, og ikkje minst får dei venskap som varar livet ut, i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø. I tillegg til at lærarane er gode, er dei ofte unge. Fleire av dei er profesjonelle utøvarar som har pedagogisk erfaring som instruktørar. Mange kan òg vise til sigrar frå Landskappleiken.
Velkomen til ein inspirerande og leikande konsert for heile familien.
Medverkande:
Lærarane på Strunkeveko
Info om billettsal kjem snart!
Start: Sundag 6. juli kl. 19.30
Slutt: Sundag 6. juli kl. 20.30
Stad: Merket, Tisleidalen
Konsert. «Andris i 100». Syver Rolandsgard Hauge
I år er det 100 år sidan den legendariske spelemannen Andris Dahle vart fødd. Med sitt særmerkte og kjenslevare spel var det ikkje få som vart bergtekne av toneflaumen frå fela hans.
Ein av dei som har teke opp arven etter Dahle er den unge spelemannen Syver Rolandsgard Hauge. Han har brukt eit utal timar med arkivopptak på øyra og fordjupa seg i spelet etter Dahle. For å markere 100 årsjubiléet kjem Syver, fela og eit knippe med favorittlåttar til den unike konsertscena på Bolstad.
Medverkande:
Syver Rolandsgard Hauge, hardingfele
Foto: Anders Lillebo
Start: Måndag 7. juli kl. 19.00
Slutt: Måndag 7. april kl. 20.00
Stad: Bolstad, Rogne
Pris: 300 kr (vaksen), 150 kr (13 år - 18 år), barn under 12 år går gratis
Stein Torleif Bjella og Tvangsgutan kompani
Velkomen til sommarens vakraste friluftskonsert!
Vi ynskjer den populære visekunstnaren og rimsmeden frå Hallingdal, Stein Torleif Bjella, velkomen til Valdres og Jaslangen! Den folkekjære visesongaren kjem til Jørn Hilme-stemnet og solefallskonserten saman med sitt eminente band, og vi reknar med at det blir folksamt i lyngen denne kvelden. Bjella og Tvangsgutan kompani vil servere oss sine sorgmuntre skråblikk på livet, og jammen byr dei også opp våre lokale musikarar Sindre Tronrud og Marit Karlberg til samspel. Dette blir ein kveld som er vel verdt å få med seg!
Solefallskonserten er på stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre. Arenaen ligg i ei helling som dannar eit naturleg amfi og der fjella og naturen gjev storslegne rammer kring musikken.
Medverkande:
- Stein Torleif Bjella
- Geir Sundstøl
- David Wallumrød
- Kenneth Kapstad
- Eirik Øyen
- Sindre Tronrud
- Marit Karlberg
Buss:
Jørn Hilme-stemnet er oppteke av gode miljøløysingar og set difor opp bussar frå fleire plassar i Valdres. Du må førehandsbestille bussbillett på TicketCo for å nytte deg av dette tilbodet.
Frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vaset senter (19.15) – og direkte til Jaslangen.
Frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang 19.00), vidare Brekkudn – Vaset senter og til Jaslangen.
Bil:
Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen frå Fagernes tek ikring 50 minutt. Adressa er Jaslangvegen 618. Vi oppmodar alle til samkøyring.
Konsert, mat og overnatting:
Jørn Hilme-stemnet samarbeider med fleire overnattingsstader som tilbyr eigne pakkar til dei som ynskjer god mat og ei seng – i tillegg til konserten med Bjella & Tvangsgutan kompani.
Ynskjer du overnatting til ein god pris tek du kontakt med Gomobu Fjellstue eller Brennabu:
Gomobu Fjellstue: post@gomobu.no / 61 35 77 10, eller sjå her.
Brennabu: post@brennabu.no / 61 36 31 02, eller sjå her.
God tur, god konsert!
Start: Tysdag 8. juli kl. 20.30
Slutt: Tysdag 8. juli kl. 22.30
Stad: Jaslangen
Pris: 450 kr
Seminar: «Dansen og musikken rundt Filefjell»
Vegen over Filefjell har historisk vore den mest brukte vegen frå aust til vest, og den dag i dag kan vi framleis vandre Kongevegen over fjellet. Då er det kanskje ikkje så rart at også dansen og musikken har vorte påverka av kvarandre på kvar sine sider av fjellet?
I dette fagseminaret vil Stian Roland saman med eit handplukka utval musikarar, dansarar og nøye utvalde arkivopptak studere kva dansen og musikken i området rundt Filefjell har til felles. Ein vil særleg gå i djupna i tradisjonane på hardingfele, durpsel og dans frå Hemsedal, øvre Valdres og indre Sogn. Gjennom praktisk arbeid, studering av arkivmateriale og drøfting kring tema som rekruttering vil ein gjennom tre intense seminardagar ha eit mål om at dette seminaret kan bidra til å kveikje ny inspirasjon og nye eldsjeler.
Seminaret passar for studentar, pedagogar, utøvarar og generelt folkemusikk og -danseinteresserte.
Tidsplan:
Onsdag 9. juli kl. 12.00 - 15.00
Torsdag 10. juli kl. 11.00 - 15.00
Fredag 11. juli kl. 10.00 - 13.00
Foto: Sverre Hjørnevik
Start: Onsdag 9. juli kl. 12.00
Slutt: Onsdag 9. juli kl. 15.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 1000 kr vaksen, 400 kr student
Småkurs onsdag
Nytt i år er at du kan bygge opp di eiga kursrekke av fleire småkurs. Dei ulike småkursa som går føre seg onsdag til fredag på Valdres folkemuseum er avlsuttande kvar dag, slik at du kan velje å vere med ein, to eller tre dagar, og sjølv plukke deg ut dei kursa du ynskjer.
Oversikt og påmeldingsinformasjon til kursa finn du her.
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Start: Onsdag 9. juli kl. 15.30
Slutt: Onsdag 9. juli kl. 18.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 300
Teater: «Memento Mor di». Åsgårdsreia Teaterlag
«Memento Mor di» er eit musikalsk teater om dei som reiste frå alt; somme med hjarta fylt av eventyrlyst, andre av sorg, somme med bitterheit. Alle med håp. Velkomne til premierevisning av dette nyskrivne stykket!
Marit og Andris kjem frå kvar sin utkant i Valdres og møtest på Bragernestorget våren 1851. Vi følgjer dei eit stykke på reisa over eit hav av draumar og kanalar av tvil, der døden rår seg sjølv og livet lever.
Teateret er ein del av utvandrarjubileet som markerer 200 år sidan utvandringa til Amerika starta.
Åsgårdsreia teaterlag har tidlegare sett opp framsyninga «Eg er Tølleiv», basert på Kjørstaddrapet, med premiere på Hilme i 2023. Teaterlaget vil, med utgangspunkt i lokale krefter, vekke til live dei gode historiene frå lokalhistoria vår i Valdres.
Cato Skimten Storengen er fødd i Valdres og har stor tilknyting til regionen. I 2004 var han ferdig utdanna ved Statens teaterhøgskole, og etter det har han vore fast tilsett ved Rogaland Teater. Han var òg med på å starte friteatergruppa Statsteatret i 2011.
Anne Heidi Kvam Hillestad frå Vang i Valdres har utdaning i musikkteater frå Høyskolen Kristiania i tillegg til at ho har dansa folkedans og spelt munnharpe frå tidlege barneår. Ho er kjend for mange frå spel som «Sol av Isfolket» og «Riddarspranget».
Kasper Dyve er ein ung musikar frå Bagn i Valdres, han trakterer fleire strengeinstrument og har samarbeidd med ei rekkje musikarar. I Valdres er det mange som kjenner han frå dei populære julekonsertane «Jul med Valdresmål – og meining».
Manusforfattar Alice Gudheim er utdanna tekstforfattar frå Westerdals Reklameskole. Ho har arbeidd som journalist og skribent over fleire år og har mellom anna skrive fleire scenetekstar, manus og artiklar.
Ragnhild Lund er busett i Vang i Valdres og har ei innhaldsrik teaterkarriere bak seg. Ho er primus motor bak det nystarta valdresspelet Dronningemne og i Åsgårdsreia teaterlag har ho regien.
I hovudrollene:Cato Skimten Storengen og Anne Heidi Kvam Hillestad
Musikar: Kasper Dyve
Regi: Ragnhild Lund
Manus: Alice Gudheim
Foto: Ola Gudheim/Valdres Folkemuseum
Start: Onsdag 9. juli kl. 19.00
Slutt: Onsdag 9. juli kl. 20.30
Stad: Trykkeriet kulturarena
Pris: 350 kr (vaksen), 150 kr (13 år - 18 år), barn under 12 år går gratis
Pub: Hilmenach
Etter ei teaterpremiere passar det vel utruleg godt med eit nachspiel på Fagernes sin eigen Kulturpub. Her blir det mogleg å få kjøpt seg forfriskingar, og det er fritt fram for buskspel og god stemning!
Foto: Cathrine Dokken
Start: Onsdag 9. juli kl. 20.30
Slutt: Onsdag 9. juli kl. 00.00
Stad: Fagernes kulturpub
Pris: Gratis
Seminar: «Dansen og musikken rundt Filefjell»
Vegen over Filefjell har historisk vore den mest brukte vegen frå aust til vest, og den dag i dag kan vi framleis vandre Kongevegen over fjellet. Då er det kanskje ikkje så rart at også dansen og musikken har vorte påverka av kvarandre på kvar sine sider av fjellet?
I dette fagseminaret vil Stian Roland saman med eit handplukka utval musikarar, dansarar og nøye utvalde arkivopptak studere kva dansen og musikken i området rundt Filefjell har til felles. Ein vil særleg gå i djupna i tradisjonane på hardingfele, durpsel og dans frå Hemsedal, øvre Valdres og indre Sogn. Gjennom praktisk arbeid, studering av arkivmateriale og drøfting kring tema som rekruttering vil ein gjennom tre intense seminardagar ha eit mål om at dette seminaret kan bidra til å kveikje ny inspirasjon og nye eldsjeler.
Seminaret passar for studentar, pedagogar, utøvarar og generelt folkemusikk og -danseinteresserte.
Tidsplan:
Onsdag 9. juli kl. 12.00 - 15.00
Torsdag 10. juli kl. 11.00 - 15.00
Fredag 11. juli kl. 10.00 - 13.00
Foto: Sverre Hjørnevik
Start: Torsdag 10. juli kl. 11.00
Slutt: Torsdag 10. juli kl. 15.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 1000 kr vaksen, 400 kr student
Stovekonsert 1. «Valdresspel i Amerika». Laura Ellestad
Laura Ellestad er ein prislønt kanadisk/norsk hardingfelespelar med røter i Valdres. Ho har bachelor i tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet, master i utøving med fordjuping frå Norges musikkhøgskole og doktorgrad i oppføringspraksis frå Norges musikkhøgskole.
I løpet av studietida har ho forska på det norsk-amerikanske folkemusikkmiljøet i det øvre Midtvesten, og gjennom prosjektet «Valdresspel i Amerika» fordjupa ho seg i speltradisjonane etter fem av dei fremste utvandra hardingfelespelemennene frå Valdres; Arne Steinsrud, Trond Eltun, Bendik i Nø'n, Knut Sjåheim og Oscar Hamry, som utvandra til Amerika mot slutten av 1800-talet. I denne konserten spelar Laura låttar etter desse spelemennene og fortel om skjebnane deira i Amerika.
Medverkande:
Laura Ellestad, hardingfele
Start: Torsdag 10. juli kl. 14.00
Slutt: Torsdag 10. juli kl. 15.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: Inngang museet
Kurs i valdresspringar vidarekomne
Instruktørar: Knut Arne Jacobsen og Brit Totland
Foto: Cathrine Dokken
Valdresspringaren er ein av fleire såkalla bygdedansar. Dansen i Valdres har sitt særpreg: Dansen går i tredelt takt og har eit sett av ulike turar og tak som dansarane fritt kan plukke frå og setja saman. Dansen er svært populær på kappleik og dansefestar og blir dansa aktivt blant eldre og yngre. På kurset får du påfyll og inspirasjon til å lære valdresspringaren endå betre, med vekt på detaljar, heilskap, musikalitet og generell danseteknikk. Kursa i springar og bonde får også ei økt med teori om bygdedansane i Valdres med Stian Roland. Her får du påfyll av både teori og praksis!
Kurset er for alle som har dansa springar før, og som meistrar takt og grunnsteg i valdresspringaren.
Knut Arne og Brit er begge røynde springardansarar, med solid erfaring frå både kappleikscene og som kurshaldarar. Med seg har dei Sindre Tronrud som vil sørgje for stødig dansespel.
Velkomen på kurs!
Fakta:
- Torsdag 10. juli klokka 14.00–18.00
- Fredag 11. juli klokka 10.00–14.00
- Pris: 900 kr
Start: Torsdag 10. juli kl. 14.00
Slutt: Torsdag 10. juli kl. 18.00
Stad: Øvre Nes, Fagernes
Pris: 900 kr
Småkurs torsdag
Nytt i år er at du kan bygge opp di eiga kursrekke av fleire småkurs. Dei ulike småkursa som går føre seg onsdag til fredag på Valdres folkemuseum er avlsuttande kvar dag, slik at du kan velje å vere med ein, to eller tre dagar, og sjølv plukke deg ut dei kursa du ynskjer.
Oversikt og påmeldingsinformasjon til kursa finn du her.
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Start: Torsdag 10. juli kl. 15.30
Slutt: Torsdag 10. juli kl. 18.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 300
Konsert: «Du dološ dálá áigi – Your ongoing past». Georg Buljo Duo
Bli med inn ei verd av mystikk, undring, historie og tidlaus samisk identitet. Eit 40 år langt samarbeid mellom den norsk-samiske artisten Georg Buljo og den anerkjende jazzmusikaren Per-Willy Aaserud blir no markert med utgjeving av albumet «Du dološ dálá áigi» – «Your ongoing past». Albumet er ei musikalsk hylling til samisk kultur – ei bru mellom fortid og framtid, og fyrste konserten med dette materialet blir her på Hilme!
Her kan du bli med på ei reise gjennom tid og tradisjon, der urgamle joikar frå heile Sápmi flettar seg saman med moderne musikk. Joikane på dette albumet er basert på urgamle tradisjonar, mange av dei skjult eller gløymt etter tvangskristninga av samane. I dette prosjektet kjem dei fram i lyset att, i ei stemningsfull og suggestiv klangverd der stillheit og pausar er like viktige som tonar og rytmikk.
Mystikk og underjordiske vesen som Uldat og Hálldit gjev musikken ein djup, spirituell dimensjon. Dei langsame rytmane leier oss inn i den samiske underverden Sáivu, der det åndelege og det musikalske smeltar saman, og fortida kling i notida
Buljo og Aaserud har spelt saman sidan vidaregåande og har samarbeidd i 40 år. Dei har brei erfaring frå norsk og samisk folkemusikk, jazz, improvisasjon og eksperimentell musikk. Buljo, kjent for sin moderne joik, har samarbeidd med ei rekke internasjonale artistar og komponert musikk for film og scenekunst. Aaserud er ein fleksibel og erfaren musikar som har jobba med ei mengd kjende artistar og prosjekt.
Vel møtt til ei reise gjennom tid og tradisjon!
Medverkande:
Georg Buljo, joik/vokal, elektronikk, perkusjon
Per-Willy Aaserud, trompet, perkusjon
Foto: Duippidit
Start: Torsdag 10. juli kl. 19.00
Slutt: Torsdag 10. april kl. 20.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Kviss med Lars Erik Øygarden
Spelemannen Lars Erik Øygarden frå dei djupe skogane i Telemark har dykka ned i det store folkemusikkarkivet. No kjem han med felekassa full av spørsmål – klar for årets folkemusikk-kviss!
Dette er kvelden der det skal kappast i kunnskap om stort og smått innan folkemusikk. Er du ein rutinert arkivtråvar eller fersk i folkemusikken? Her kjem det spørsmål som skal passe dei fleste. Kva er ein kvart? Kor lang er ein leik? Kva er ein lauskar, og kor mange ungar og kjerringar hadde Jørn Hilme?
Kom aleine, eller samle saman eit lag av meir eller mindre kompetente deltakarar og bli med på kviss!
Medverkande:
Lars Erik Øygarden
Foto: Cathrine Dokken
Start: Torsdag 10. juli kl. 20.30
Slutt: Torsdag 10. juli kl. 21.30
Stad: Fjordkafeen, Valdres Folkemuseum
Konsert: «Valdresspel i Amerika». Laura Ellestad
Laura Ellestad er ein prislønt kanadisk/norsk hardingfelespelar med røter i Valdres. Ho har bachelor i tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet, master i utøving med fordjuping frå Norges musikkhøgskole og doktorgrad i oppføringspraksis frå Norges musikkhøgskole.
I løpet av studietida har ho forska på det norsk-amerikanske folkemusikkmiljøet i det øvre Midtvesten, og gjennom prosjektet «Valdresspel i Amerika» fordjupa ho seg i speltradisjonane etter fem av dei fremste utvandra hardingfelespelemennene frå Valdres; Arne Steinsrud, Trond Eltun, Bendik i Nø'n, Knut Sjåheim og Oscar Hamry, som utvandra til Amerika mot slutten av 1800-talet. I denne konserten spelar Laura låttar etter desse spelemennene og fortel om skjebnane deira i Amerika.
Medverkande:
Laura Ellestad, hardingfele
Foto: Janne Hoem
Start: Torsdag 10. juli kl. 22.00
Slutt: Torsdag 10. juli kl. 23.00
Stad: Rognebygningen, Valdres Folkemuseum
Seminar: «Dansen og musikken rundt Filefjell»
Vegen over Filefjell har historisk vore den mest brukte vegen frå aust til vest, og den dag i dag kan vi framleis vandre Kongevegen over fjellet. Då er det kanskje ikkje så rart at også dansen og musikken har vorte påverka av kvarandre på kvar sine sider av fjellet?
I dette fagseminaret vil Stian Roland saman med eit handplukka utval musikarar, dansarar og nøye utvalde arkivopptak studere kva dansen og musikken i området rundt Filefjell har til felles. Ein vil særleg gå i djupna i tradisjonane på hardingfele, durpsel og dans frå Hemsedal, øvre Valdres og indre Sogn. Gjennom praktisk arbeid, studering av arkivmateriale og drøfting kring tema som rekruttering vil ein gjennom tre intense seminardagar ha eit mål om at dette seminaret kan bidra til å kveikje ny inspirasjon og nye eldsjeler.
Seminaret passar for studentar, pedagogar, utøvarar og generelt folkemusikk og -danseinteresserte.
Tidsplan:
Onsdag 9. juli kl. 12.00 - 15.00
Torsdag 10. juli kl. 11.00 - 15.00
Fredag 11. juli kl. 10.00 - 13.00
Foto: Sverre Hjørnevik
Start: Fredag 11. juli kl. 10.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 13.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 1000 kr vaksen, 400 kr student
Kurs i valdresspringar vidarekomne
Instruktørar: Knut Arne Jacobsen og Brit Totland
Foto: Cathrine Dokken
Valdresspringaren er ein av fleire såkalla bygdedansar. Dansen i Valdres har sitt særpreg: Dansen går i tredelt takt og har eit sett av ulike turar og tak som dansarane fritt kan plukke frå og setja saman. Dansen er svært populær på kappleik og dansefestar og blir dansa aktivt blant eldre og yngre. På kurset får du påfyll og inspirasjon til å lære valdresspringaren endå betre, med vekt på detaljar, heilskap, musikalitet og generell danseteknikk. Kursa i springar og bonde får også ei økt med teori om bygdedansane i Valdres med Stian Roland. Her får du påfyll av både teori og praksis!
Kurset er for alle som har dansa springar før, og som meistrar takt og grunnsteg i valdresspringaren.
Knut Arne og Brit er begge røynde springardansarar, med solid erfaring frå både kappleikscene og som kurshaldarar. Med seg har dei Sindre Tronrud som vil sørgje for stødig dansespel.
Velkomen på kurs!
Fakta:
- Torsdag 10. juli klokka 14.00–18.00
- Fredag 11. juli klokka 10.00–14.00
- Pris: 900 kr
Start: Fredag 11. juli kl. 10.00
Slutt: Torsdag 10. juli kl. 14.00
Stad: Øvre Nes, Fagernes
Pris: 900 kr
Småkurs fredag
Nytt i år er at du kan bygge opp di eiga kursrekke av fleire småkurs. Dei ulike småkursa som går føre seg onsdag til fredag på Valdres folkemuseum er avlsuttande kvar dag, slik at du kan velje å vere med ein, to eller tre dagar, og sjølv plukke deg ut dei kursa du ynskjer.
Oversikt og påmeldingsinformasjon til kursa finn du her.
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Start: Fredag 11. juli kl. 10.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 12.30
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 300
Stovekonsert 2: Malin Alander
Malin Alander er folkesongar frå Sandane i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna frå Norges Musikkhøgskole og er mellom anna med i gruppene Aurom og HEKATE. Malin har lenge kjent seg heime i musikken, og songen har vore med ho henne store delar av livet. Etter kvart vart folkesongen Malin sin song, og ho har medverka på fleire plateproduksjonar både solo og i samspel. I 2022 vann Alander vokal klasse A på landskappleiken.
Dei siste åra har Malin Alander hatt fokus på improvisasjon med folkesong som bakgrunn og som utgangspunkt, der både form, uttrykk og stemmebruk har blitt utforska. Vi ynskjer alle vel møtt til ein stemningsfull og variert konsert i gamle Høyne skule.
Medverkande:
Malin Alander, song
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Start: Fredag 11. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum
Pris: Inngang museet
Avslutningsframsyning for Strunkeveko
Etter ei herleg veke med inspirasjon, påfyll, venskap, spel, dans, leik og glede er ungdommane frå Strunkeveko klare for å vise fram kva dei kan. Gled deg til ei kreativ og energisk framsyning med nær 100 full-lada ungdomar!
Medverkande:
Elevane på Strunkeveko
Regi:
Ådne Geicke Kolbjørnshus
Info om billettsal kjem snart!
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Start: Fredag 11. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Kulturhuset, Fagernes
Sommarkveld på Valdres Folkemuseum - fredag
Blaut og rå er lyden av Jørn Hilme-stemnet,
i regnvêr og væte,
i djupblåe sommarkveldar
– eller i lyngen på Jaslangen medan sola sig ned bakom fjelltoppane.
Vil du oppleva eggjande felespel i ei mørk stove?
Vil du lære å spela langeleik
eller berre flyte med i den gode stemninga ein varm sommarkveld?
Kom for songen, kom for spelet,
kom for store opplevingar i godt lag.
Velkomen til sommarkveld på Valdres Folkemuseum! Dette er sjølve kronjuvelen i Jørn Hilme-stemnet si festivalveke. Dansen går i dei små museumsstovene og ute på det store, rause dansegolvet i festivalteltet. Det er mogleg å danse både gamaldans og bygdedans – her er det noko for alle! Samstundes med at dansen går, kan du rusle innom gamle Høyne skule eller Festsalen for å få med deg ein eller fleire intimkonsertar i sommarkvelden. På festplassen finn du sitteplassar under tak, og det er servering av varm, lokalprodusert mat og drikke. Lokale produsentar stiller med ulike salsvarer. Ein billett inn på området gjev deg fritt tilgjenge på alt av dans og konsertar. Ungane har sitt eige småfolkområde «vegg i vegg» med festivaltelet. Der har dei ein eigen lavvo, stylter, ulike spel, husker og plass til leik og moro.
Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med over hundre gamle hus og bygningar. Festen på Valdres Folkemuseum byrjar klokka 17.00 og er slutt klokka 02.00.
Foto: Eva Karlsson
Start: Fredag 11. juli kl. 17.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 02.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Festkonsert med prisutdeling
Vi sparkar i gang festivalhelga med eit fyrverkeri av ein konsert! Her vil du få møte eit knippe av årets Hilmeartistar - det blir med andre ord ein konsert med høgdepunkt på rekke og rad! I tillegg til dei musikalske godbitane, skal den høgthengande Haldor Røynes ærespris delast ut til ein verdig prisvinnar som har gjort eit godt og viktig arbeid for folkemusikk og -dans. Museumsdirektør Ole Aastad Bråten vil lose dykk trygt gjennom konserten.
Det er godt med sitteplassar under tak, og det er mogleg å kjøpe seg både mat og drikke på området.
Vel møtt til ein innhaldsrik start på sommarkvelden!
Medverkande:
Susanne Lundeng og Nils Olav Johansen
Malmin og Åshild Vetrhus
Ingeborg Onstad
John Ole Morken og Jørgen Nyrønning
Hekate
Ole Aastad Bråten
Foto: Eva Karlsson
Start: Fredag 11. juli kl. 19.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 20.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum
Konsert: Malmin og Åshild Vetrhus
Når tradisjon blir handsama med fryktlaus kjærleik, kan band som Malmin oppstå. Vel møtt til eit intimt møte med gløymde skattar frå Rogaland.
Rogaland hadde ingen Myllargut eller Ole Bull. Utan kjende konsertfelespelarar i regionen, blei slåttane frå området heller ikkje moderniserte og utvida for bruk i framsyningar og konsertar. Slik bevarte denne musikken ein råskap og originalitet som tidvis er meir rock enn rocken sjølv.
I denne kveldsstunda får du servert musikk for fest, for å elska, for å bøta på og omvenda seg – og musikk for å døy. Framført med driv, varme og kjærleik for fortida med tre par føter solid planta i våre dagar.
Medverkande:
Olav Christer Rossebø: hardingfele, fele og mikrotonal mandolin
Anders Sundsteigen Hana: mikrotonal gitar, munnharpe, langeleik og oktavfele
Åshild Vetrhus: song
Foto: Vidar Landa
Start: Fredag 11. juli kl. 21.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 22.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum
Konsert: «Kvåvne». Sivert Holmen, Hans Hulbækmo, Sondre Meisfjord og Astrid Garmo
Har du spelt deg i transe, har du du dansa til du kvåvnar? Torer du bli med musikken ut i det ukjende, bli i eitt med deg sjølv og la kroppen ta over styringa? Velkommen til dansekonsert og urframføring av tingingsverket Kvåvne!
Kvåvne er innspirert av det tradisjonelle dansespelet, og det å miste seg sjølv i musikken – laga for eit dansande publikum. Dei fire musikarane Sivert Holmen, Astrid Garmo, Hans Hulbækmo og Sondre Meisfjord har snudd på dei musikalske byggesteinane i folkemusikken, latt seg inspirere av klubb- og dansemusikk og vil framføre eit samanhengande musikkverk utan stopp.
Kvåvne har urpremiere i Slidrehuset under Jørn Hilme-stemnet 2025. Kom for å danse, kom for å lytte, kom for å vere med!
Kvåvne er komponert av og med:
Sivert Holmen – Feler
Astrid Garmo – Feler, vokal
Sondre Meisfjord – Bass
Hans Hulbækmo – Perkusjon
Prosjektet er støtta av Fond for lyd og bilde, Sparebankstiftelsen DNB, Fond for utøvende kunstnere og Norsk senter for folkemusikk og folkedans
CO-produsert og støtta av Jørn Hilme-stemnet, Sprang – landsdelsscene for dans, Riksscenen og Folkemusikkveka.
Foto: Frederick Kihle
Start: Fredag 11. juli kl. 22.30
Slutt: Fredag 11. juli kl. 23.30
Stad: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
Konsert: John Ole Morken og Jørgen Nyrønning
I år er det duka for midnattskonsert med Rørospols. Set deg ned på benken og la deg rive med av eit tett og intenst samspel i sommarnatta!
Hausten 2001 kom ein lyshåra gut inn på speletime hjå John Ole Morken på Hov Skole i Ålen. Morken hadde helst på guten før og høyrt han spele. Guten, Jørgen Nyrønning, tok opp fela, og han spelte ein slått. Polsen som trilla ut av fela var «Litjbrekkingen», som guten fortalte var i form etter Jens Vårhus i frå Hessdalen. Morken fann fela og heiv seg med. Det vart mange polsar både den kvelden og seinare!
Samspelet deira kan beskrivast som impulsivt og direkte. Dansespel og driv er noko dei begge legg vekt på. Rørosmusikken kan gjerne beskrivast som ein rytmisk musikk der melankolien ikkje er så opplagt til stades. Men bak tonane ligg ein klangbotn som fortel om dåmen frå fjellfolket. Forfattaren Johan Falkberget skreiv følgjande i «Den fjerde nattevakt»: Tonen sprang han til hjertet. Han var spillemann og smed; stålet og jernet og felen, og Hyttelven om våren, alt hadde den samme sangen.
Medverkande:
John Ole Morken, fele
Jørgen Nyrønning, fele
Start: Laurdag 12. juli kl. 00.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 01.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum
Stovekonsert 3: Ingeborg Onstad
Ingeborg Onstad er folkesongar og langeleikspelar frå Øystre Slidre i Valdres. Ho speler eigne songar og folketonar frå Valdres både solo og i samspel. Dei siste to åra har ho studert musikk ved Musikkhøgskolen i Oslo. Ingeborg har mellom andre lært mykje av Marit Karlberg, som ho også syng saman med i trioen «Treak».
No kjem Ingeborg heim til Valdres, og vil gje oss ein nydeleg konsert der vi får høyre om ung kjærleik, heimlengsel og gamle ridderheltar.
Medverkande:
Ingeborg Onstad, song og langeleik
Foto: Taras Bezpalyi
Start: Laurdag 12. juli kl. 14.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 15.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum
Pris: Inngang museet
Sommarkveld på Valdres Folkemuseum - laurdag
Blaut og rå er lyden av Jørn Hilme-stemnet,
i regnvêr og væte,
i djupblåe sommarkveldar
– eller i lyngen på Jaslangen medan sola sig ned bakom fjelltoppane.
Vil du oppleva eggjande felespel i ei mørk stove?
Vil du lære å spela langeleik
eller berre flyte med i den gode stemninga ein varm sommarkveld?
Kom for songen, kom for spelet,
kom for store opplevingar i godt lag.
Velkomen til sommarkveld på Valdres Folkemuseum! Dette er sjølve kronjuvelen i Jørn Hilme-stemnet si festivalveke. Dansen går i dei små museumsstovene og ute på det store, rause dansegolvet i festivalteltet. Det er mogleg å danse både gamaldans og bygdedans – her er det noko for alle! Samstundes med at dansen går, kan du rusle innom gamle Høyne skule eller Festsalen for å få med deg ein eller fleire intimkonsertar i sommarkvelden. På festplassen finn du sitteplassar under tak, og det er servering av varm, lokalprodusert mat og drikke. Lokale produsentar stiller med ulike salsvarer. Ein billett inn på området gjev deg fritt tilgjenge på alt av dans og konsertar. Ungane har sitt eige småfolkområde «vegg i vegg» med festivaltelet. Der har dei ein eigen lavvo, stylter, ulike spel, husker og plass til leik og moro.
Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med over hundre gamle hus og bygningar. Festen på Valdres Folkemuseum byrjar klokka 17.00 og er slutt klokka 02.00.
Foto: Eva Karlsson
Start: Laurdag 12. juli kl. 17.00
Slutt: Sundag 13. juli kl. 02.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Konsert: Sigrid Moldestad Trio
Vi er svært glade for å kunne annonsere at sjølvaste Sigrid Moldestad skal sparke i gang laurdagskvelden på Valdres folkemuseum! Med ei leikfull kraft, ein god dose melankoli og sjølvskrivne tekstar saman med tradisjonelle låttar frå Breim vil trioen sette stemninga for sommarkvelden.
Sigrid vaks opp i den vesle bygda Breim i Nordfjord og vart tidleg introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også i denne musikken ho har røtene sine i, og som gjev inspirasjon til eigne komposisjonar.
Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist, og har motteke to spelemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar. Til oss kjem ho saman med Kåre Opheim og Anders Bitustøyl.
Det er godt med sitteplassar under tak, og det er mogleg å kjøpe seg både mat og drikke på museumsområdet. Velkommen til ein flott sommarkveld for både liten og stor!
Medverkande:
Sigrid Moldestad, fele og song
Kåre Opheim, trommer
Anders Bitustøyl, bass
Start: Laurdag 12. juli kl. 18.30
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 20.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum
Konsert: «Lite tå kort». Kari og Marit Steinsrud
Kva passar vel betre ein laurdagskveld enn eit nært musikalsk møte med dei langeleikspelande systrene Kari og Marit Steinsrud? Begge har dei vore aktive i langeleikmiljøet i ei årrekkje, både som utøvarar, læremeistrar, inspiratorar og formidlarar av ein lang og ubroten tradisjon med langeleikspel.
Til Jørn Hilme-stemet og denne konserten kjem dei med eit variert repertoar av både solo og samspel.
Vel møtt til velklingande strengeleik!
Medverkande:
Kari Steinsrud, langeleik
Marit Steinsrud, langeleik
Start: Laurdag 12. juli kl. 21.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 22.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum
Konsert: «De salige» Susanne Lundeng
Dei gamle spelemennene har stilna, og Susanne er no ei av dei eldste felespelarane i sitt tradisjonsområde Salten og Lofoten. Susanne har sakna å høyre og spele med dei gamle som ho møtte i sine unge år. Prosjektet «De salige» spring ut av eit ynskje om å løfte fram vår felles gamle musikkarv i eit nært møte mellom felespelarar, songarar, musikarane i dag og publikum.
Konserten er ein symbiose mellom duoen Susanne Lundeng og Nils-Olav Johansen og arkivopptak av gamle spelemenn og kvinnestemmer frå Salten og Lofoten. Gjennom å sample lydar, fraser og enkelttonar frå dei gamle slåttane og songane, får kvar spelemann behalde si stemme og eigenart slik som dei let på eldre opptak, men her i kveld skal dei spele nykomponert musikk - saman!
Konserten legg opp til ulike sekvensar som kvar behandlar typiske musikalske stiltrekk i tradisjonen. Delar av musikken vil vere gjennomkomponert ny musikk, medan andre delar er i ei noko meir improvisatorisk form.
For fyrste gong får desse felespelarane som levde samtidig, men på kvar sin stad, spele med kvarandre - og Susanne får vere med!
Medverkande:Susanne Lundeng - komponist, fele, vokal og teknikk
Nils-Olav Johansen - gitar, elektronikk og medskapar
Are Bredahl Simonsen - lyd
Start: Laurdag 12. juli kl. 22.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 23.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Konsert: Helga Myhr og Rasmus Kjorstad
Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen og Helga Myhr frå Ål i Hallingdal har markert seg som sterke utøvarar innan tradisjonelt spel. Dei har begge studert folkemusikk på Noregs Musikkhøgskole i Oslo, og fekk Øivind Berghs minnepris i lag i 2019.
Etter å ha bidrege på fleire plateproduksjonar i grupper og i samspel med broren Hans, gav Kjorstad ut sitt fyrste soloalbum Spelestund i 2022. Her trakterer han både fele og langeleik. Myhr kom med si fyrste soloplate "Natten veller seg ut" hausten 2019, som viser veg inn til nye tolkingar av folkemusikken frå heimplassen.
På denne konserten vil de få høyre folkemusikk frå Gudbrandsdalen og Hallingdal med mellom anna langeleik, fele, hardingfele og vokal. Helga har arbeidd med eldre slåtteformer frå Hallingdal, og Rasmus har arbeidd spesielt mykje med materiale som finst etter spelmannen Erling Kjøk frå Garmo.
Medverkande:
Helga Myhr, hardingfele og song
Rasmus Kjorstad, fele og langeleik
Foto: Erik Havnes
Start: Laurdag 12. juli kl. 23.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 00.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum
Dansekonsert: Hekate
Ein skal ikkje sove bort sommarnatta, blir det sagt. Og det skal godt gjerast denne kvelden, det vil dei tre songarane i Hekate syte for. Med kompromisslaus kveding, kraftfulle klangar, improvisasjon og heftig tramp vil dei fylle Slidrehuset med slåttemusikk frå heile landet. Kast deg ut i dansen og la deg rive med av denne kraftpakka av ein dansekonsert!
Hekate er ein vokaltrio beståande av Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, tre songarar som alle har utmerka seg som soloartistar på den norske musikkscena. Dei kjem til Hilme med eit rykande ferskt album i sekken – det er berre å gle seg til dette!
Medverkande:
Malin Alander, vokal
Silje Risdal Liahagen, vokal
Synnøve Brøndbo Plassen, vokal
Foto: Guro Sommer
Start: Sundag 13. juli kl. 00.00
Slutt: Sundag 13. juli kl. 01.00
Stad: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
Lunsj med spel
På Fjordkafeen kan du kjøpe deg ein lunsj til tonane av folkemusikk. Fjordkafeen byr på ein variert meny med mellom anna rømmegraut og spekemat, majel og andre freistande rettar. Velkommen innom for litt mat og musikk i trivelege omgjevnadar på Valdres Folkemuseum.
Start: Sundag 13. juli kl. 12.00
Slutt: Sundag 13. juli kl. 13.00
Stad: Fjordkafeen, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis inngang
Konsert med årets unge folkemusikar Martin Steinum Brun
Festivalen går mot slutten, og då passar det heilt perfekt å runde av med ein nydeleg konsert med vinnaren av Årets unge folkemusikar under Folkelarmprisen 2024: Martin Steinum Brun.
Martin er songar og tradisjonsberar frå Vågå i Gudbrandsdalen. Martin tek publikum med seg inn i folkesongens mange forteljingar, alt frå det absurde og humoristiske til det nakne og personlege. I tillegg til songen nyttar han kraviklyre og bygdeharpe i sitt uttrykk.
I løpet av dei siste åra har Martin hevda seg som ei sterk stemme på den unge, norske folkemusikkscena, men du finn han også jamleg med i andre prosjekt. Martin er å høyre på den kritikarroste plata til Pumpegris, han er med i gruppa Rakkarpakk og han kan vise til samarbeid med ensemble som Det Norske Solistkor og Kringkastingsorkesteret (KORK).
Denne konserten er ein del av premien som vinnar av Årets unge folkemusikar under Folkelarm 2024.
Medverkande:
Martin Steinum Brun, song, kraviklyre og bygdeharpe
Foto: Ferdinand Schwartz
Start: Sundag 13. juli kl. 13.00
Slutt: Sundag 13. juli kl. 14.00
Stad: Rognebygningen, Valdres Folkemuseum