Ein skal ikkje sove bort sommarnatta, blir det sagt. Og det skal godt gjerast denne kvelden, det vil dei tre songarane i Hekate syte for. Med kompromisslaus kveding, kraftfulle klangar, improvisasjon og heftig tramp vil dei fylle Slidrehuset med slåttemusikk frå heile landet. Kast deg ut i dansen og la deg rive med av denne kraftpakka av ein dansekonsert!
Hekate er ein vokaltrio beståande av Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, tre songarar som alle har utmerka seg som soloartistar på den norske musikkscena. Dei kjem til Hilme med eit rykande ferskt album i sekken – det er berre å gle seg til dette!
Medverkande:
Malin Alander, vokal
Silje Risdal Liahagen, vokal
Synnøve Brøndbo Plassen, vokal
Foto: Guro Sommer