Konsert: «De salige» Susanne Lundeng


Dei gamle spelemennene har stilna, og Susanne er no ei av dei eldste felespelarane i sitt tradisjonsområde Salten og Lofoten. Susanne har sakna å høyre og spele med dei gamle som ho møtte i sine unge år. Prosjektet «De salige» spring ut av eit ynskje om å løfte fram vår felles gamle musikkarv i eit nært møte mellom felespelarar, songarar, musikarane i dag og publikum. 

Konserten er ein symbiose mellom duoen Susanne Lundeng og Nils-Olav Johansen og arkivopptak av gamle spelemenn og kvinnestemmer frå Salten og Lofoten. Gjennom å sample lydar, fraser og enkelttonar frå dei gamle slåttane og songane, får kvar spelemann behalde si stemme og eigenart slik som dei let på eldre opptak, men her i kveld skal dei spele nykomponert musikk - saman!

Konserten legg opp til ulike sekvensar som kvar behandlar typiske musikalske stiltrekk i tradisjonen. Delar av musikken vil vere gjennomkomponert ny musikk, medan andre delar er i ei noko meir  improvisatorisk form.

For fyrste gong får desse felespelarane som levde samtidig, men på kvar sin stad, spele med kvarandre -  og Susanne får vere med!

Medverkande:Susanne Lundeng - komponist, fele, vokal og teknikk
Nils-Olav Johansen - gitar, elektronikk og medskapar
Are Bredahl Simonsen - lyd

KJØP DAGSPASS »

KJØP FESTIVALPASS »

Konsertar
Start: Laurdag 12. juli kl. 22.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 23.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum