Bli med inn ei verd av mystikk, undring, historie og tidlaus samisk identitet. Eit 40 år langt samarbeid mellom den norsk-samiske artisten Georg Buljo og den anerkjende jazzmusikaren Per-Willy Aaserud blir no markert med utgjeving av albumet «Du dološ dálá áigi» – «Your ongoing past». Albumet er ei musikalsk hylling til samisk kultur – ei bru mellom fortid og framtid, og fyrste konserten med dette materialet blir her på Hilme!
Her kan du bli med på ei reise gjennom tid og tradisjon, der urgamle joikar frå heile Sápmi flettar seg saman med moderne musikk. Joikane på dette albumet er basert på urgamle tradisjonar, mange av dei skjult eller gløymt etter tvangskristninga av samane. I dette prosjektet kjem dei fram i lyset att, i ei stemningsfull og suggestiv klangverd der stillheit og pausar er like viktige som tonar og rytmikk.
Mystikk og underjordiske vesen som Uldat og Hálldit gjev musikken ein djup, spirituell dimensjon. Dei langsame rytmane leier oss inn i den samiske underverden Sáivu, der det åndelege og det musikalske smeltar saman, og fortida kling i notida
Buljo og Aaserud har spelt saman sidan vidaregåande og har samarbeidd i 40 år. Dei har brei erfaring frå norsk og samisk folkemusikk, jazz, improvisasjon og eksperimentell musikk. Buljo, kjent for sin moderne joik, har samarbeidd med ei rekke internasjonale artistar og komponert musikk for film og scenekunst. Aaserud er ein fleksibel og erfaren musikar som har jobba med ei mengd kjende artistar og prosjekt.
Vel møtt til ei reise gjennom tid og tradisjon!
Medverkande:
Georg Buljo, joik/vokal, elektronikk, perkusjon
Per-Willy Aaserud, trompet, perkusjon
Foto: Duippidit