Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen og Helga Myhr frå Ål i Hallingdal har markert seg som sterke utøvarar innan tradisjonelt spel. Dei har begge studert folkemusikk på Noregs Musikkhøgskole i Oslo, og fekk Øivind Berghs minnepris i lag i 2019.
Etter å ha bidrege på fleire plateproduksjonar i grupper og i samspel med broren Hans, gav Kjorstad ut sitt fyrste soloalbum Spelestund i 2022. Her trakterer han både fele og langeleik. Myhr kom med si fyrste soloplate "Natten veller seg ut" hausten 2019, som viser veg inn til nye tolkingar av folkemusikken frå heimplassen.
På denne konserten vil de få høyre folkemusikk frå Gudbrandsdalen og Hallingdal med mellom anna langeleik, fele, hardingfele og vokal. Helga har arbeidd med eldre slåtteformer frå Hallingdal, og Rasmus har arbeidd spesielt mykje med materiale som finst etter spelmannen Erling Kjøk frå Garmo.
Medverkande:
Helga Myhr, hardingfele og song
Rasmus Kjorstad, fele og langeleik
Foto: Erik Havnes