Konsert: «Kvåvne». Sivert Holmen, Hans Hulbækmo, Sondre Meisfjord og Astrid Garmo


Har du spelt deg i transe, har du du dansa til du kvåvnar? Torer du bli med musikken ut i det ukjende, bli i eitt med deg sjølv og la kroppen ta over styringa? Velkommen til dansekonsert og urframføring av tingingsverket Kvåvne!

Kvåvne er innspirert av det tradisjonelle dansespelet,  og det å miste seg sjølv i musikken – laga for eit dansande publikum. Dei fire musikarane Sivert Holmen, Astrid Garmo, Hans Hulbækmo og Sondre Meisfjord har snudd på dei musikalske byggesteinane i folkemusikken, latt seg inspirere av klubb- og dansemusikk og vil framføre eit samanhengande musikkverk utan stopp.

Kvåvne har urpremiere i Slidrehuset under Jørn Hilme-stemnet 2025. Kom for å danse, kom for å lytte, kom for å vere med! 

Kvåvne er komponert av og med:
Sivert Holmen – Feler
Astrid Garmo – Feler, vokal
Sondre Meisfjord – Bass
Hans Hulbækmo – Perkusjon

Prosjektet er støtta av Fond for lyd og bilde, Sparebankstiftelsen DNB, Fond for utøvende kunstnere og Norsk senter for folkemusikk og folkedans

CO-produsert og støtta av Jørn Hilme-stemnet, Sprang – landsdelsscene for dans, Riksscenen og Folkemusikkveka.

Foto: Frederick Kihle

KJØP DAGSPASS »

KJØP FESTIVALPASS »

Konsertar
Start: Fredag 11. juli kl. 22.30
Slutt: Fredag 11. juli kl. 23.30
Stad: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum