Når tradisjon blir handsama med fryktlaus kjærleik, kan band som Malmin oppstå. Vel møtt til eit intimt møte med gløymde skattar frå Rogaland.
Rogaland hadde ingen Myllargut eller Ole Bull. Utan kjende konsertfelespelarar i regionen, blei slåttane frå området heller ikkje moderniserte og utvida for bruk i framsyningar og konsertar. Slik bevarte denne musikken ein råskap og originalitet som tidvis er meir rock enn rocken sjølv.
I denne kveldsstunda får du servert musikk for fest, for å elska, for å bøta på og omvenda seg – og musikk for å døy. Framført med driv, varme og kjærleik for fortida med tre par føter solid planta i våre dagar.
Medverkande:
Olav Christer Rossebø: hardingfele, fele og mikrotonal mandolin
Anders Sundsteigen Hana: mikrotonal gitar, munnharpe, langeleik og oktavfele
Åshild Vetrhus: song
Foto: Vidar Landa