Konsert: Sigrid Moldestad Trio


Vi er svært glade for å kunne annonsere at sjølvaste Sigrid Moldestad skal sparke i gang laurdagskvelden på Valdres folkemuseum! Med ei leikfull kraft, ein god dose melankoli og sjølvskrivne tekstar saman med tradisjonelle låttar frå Breim vil trioen sette stemninga for sommarkvelden.

Sigrid vaks opp i den vesle bygda Breim i Nordfjord og vart tidleg introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også i denne musikken ho har røtene sine i, og som gjev inspirasjon til eigne komposisjonar.

Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist, og har motteke to spelemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar. Til oss kjem ho saman med Kåre Opheim og Anders Bitustøyl.

Det er godt med sitteplassar under tak, og det er mogleg å kjøpe seg både mat og drikke på museumsområdet. Velkommen til ein flott sommarkveld for både liten og stor! 

Medverkande:
Sigrid Moldestad, fele og song
Kåre Opheim, trommer
Anders Bitustøyl, bass

KJØP DAGSPASS »

KJØP FESTIVALPASS »

Konsertar
Start: Laurdag 12. juli kl. 18.30
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 20.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum