Sommarkveld på Valdres Folkemuseum - fredag


Blaut og rå er lyden av Jørn Hilme-stemnet,
i regnvêr og væte,
i djupblåe sommarkveldar
– eller i lyngen på Jaslangen medan sola sig ned bakom fjelltoppane.
Vil du oppleva eggjande felespel i ei mørk stove?
Vil du lære å spela langeleik
eller berre flyte med i den gode stemninga ein varm sommarkveld?
Kom for songen, kom for spelet,
kom for store opplevingar i godt lag.

Velkomen til sommarkveld på Valdres Folkemuseum! Dette er sjølve kronjuvelen i Jørn Hilme-stemnet si festivalveke. Dansen går i dei små museumsstovene og ute på det store, rause dansegolvet i festivalteltet. Det er mogleg å danse både gamaldans og bygdedans – her er det noko for alle! Samstundes med at dansen går, kan du rusle innom gamle Høyne skule eller Festsalen for å få med deg ein eller fleire intimkonsertar i sommarkvelden. På festplassen finn du sitteplassar under tak, og det er servering av varm, lokalprodusert mat og drikke. Lokale produsentar stiller med ulike salsvarer. Ein billett inn på området gjev deg fritt tilgjenge på alt av dans og konsertar. Ungane har sitt eige småfolkområde «vegg i vegg» med festivaltelet. Der har dei ein eigen lavvo, stylter, ulike spel, husker og plass til leik og moro.

Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med over hundre gamle hus og bygningar. Festen på Valdres Folkemuseum byrjar klokka 17.00 og er slutt klokka 02.00. 

 

Foto: Eva Karlsson

KJØP DAGSPASS »

KJØP FESTIVALPASS »

Konsertar
Start: Fredag 11. juli kl. 17.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 02.00
Stad: Valdres Folkemuseum