Kva kan ein kropp gjere? Kva kan ein kropp vere?
Bli med dansaren Anita på ei undringsreise der ho funderer, prøver og kjenner etter. Kva kan ho, kva kan ho ikkje – og kvifor er det slik? Og kva er det eigentleg denne kroppen hennar gjer?
Desse og mange fleire spørsmål vil Anita prøve å finne svar på i denne leikne halvtimen, og du er invitert med!
Medverkande:
Konsept, koreografi og dansar: Anita Vika Langødegård
Musikk: Hilde Fjerdingøy
Dramaturgi: Vetle Springgard