Småfolk 2. Dansetimen – dans for ungar


På Jørn Hilme-stemnet møtest folk frå 0 til 100 år. Difor riggar vi til fleire tilbod til dei yngste! Det er trass alt dei som skal føre dansen og musikken vidare. Ministrunken og Mikrostrunken er veletablerte tilbod i Hilme-jungelen.

Dansetimen er ein uformell timesdans for dei yngste midt på dagen. Det er ikkje så viktig om du har dansa før, eller korleis du gjer det. Dans slik du vil! Vertinne på dansegolvet er Anne Marit Jota.

Velkomen til dans!

Foto: Knut Aastad Bråten

Småfolk
Start: Onsdag 9. juli kl. 15.00
Slutt: Onsdag 9. juli kl. 16.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis