På Jørn Hilme-stemnet møtest folk frå 0 til 100 år. Difor riggar vi til fleire tilbod til dei yngste! Det er trass alt dei som skal føre dansen og musikken vidare.
Møt opp i festivalteltet på Valdres folkemuseum for ei runde med prøving av ulike instrument og dans! Vårflaumen spel- og dansarlag står klare med feler, toradarar, langeleikar, dans og moro.
Kom og prøv, kanskje blir du hekta!
Medverkande:
Vårflaumen spel- og dansarlag
Foto: Anne Marte Før