«An dran drin drekt. Kontra både fem og seks. Bom bam dutri dam. Silkemaga, buldrikaka. Ditt om. Pøk utav.» Slik lyder regla som er ei av fleire vi møter i denne leikande og levande familieframsyninga.
Med ein felespelar på stylter, knallharde oppgjer i fotball, dans, rim, regler, tant og fjas diskar gjengen frå det nordnorske dansekompaniet «Kartellet» opp med ei strålande framsyning på Skiferplassen midt i Fagernes sentrum. Vi garanterer at du dreg på smilebandet både ein og fleire gonger, og kanskje får du også bli med og leike?
Medverkande:
Jo Einar Sterten Jansen, fele og stylter
Tone Ingvaldsen, dans
Vetle Springgard, dans
Foto: Knut Aaserud