Instruktør: Stian Roland og Tone Voldhaug
Foto: Anders Lilleboe
Bonde er ein gamal, men artig dans som kan minne noko om springar, men i staden for å springe i tredelt takt, går ein i todelt tak. Omlag som ein roleg halling der ein dansar to og to saman (bunde - bonde). Kursa i springar og bonde får også ei økt med teori om bygdedansane i Valdres med Stian Roland. Her får du påfyll av både teori og praksis!
Stian Roland og Tone Voldhaug er to av dei fremste dansarane i Valdres. Dei har vunne Landskappleiken i både valdresspringar og bonde, og dei har halde eit utal kurs rundt om i landet. Båe står sterkt i valdrestradisjonen og har lært av og dansa med eldre utøvarar i miljøet.
Velkomen på kurs!
Fakta:
- Onsdag 10. juli klokka 15.30–17.30
- Torsdag 11. juli klokka 14.00–18.00
- Fredag 12. juli klokka 10.00–12.00
- Pris: 1100 kr – som inkluderer kaffi, servering (torsdag), konsertar onsdag, torsdag og fredag