Bur det ein go'kar i deg? Kan du strekke kalveskinn og spenne revkrok, sparke hatten eller strekke kalveskinn?
Foto: Cathrine Dokken
Då kan du bli med på Go’kartevling i Fagernes sentrum laurdag midt på dagen. Tradisjonen tru møtest go’karar og go’kvinner frå heile landet til uformell, men prestisjetung kappestrid. Her vinn den som spenner høgast, hoppar lengst og vrir og vrengjer mest på seg i tråd med tradisjonen.
Om du, som dei fleste av oss, ikkje kan nokon av desse triksa, så kom og sjå!
I år skal også det splitter nye hattesparkestativet innviast – dette blir ei hending for historiebøkene!
Medverkande:
Jørn Hilme-stemnet