Velkomen til utekappleik i Festivalteltet på Valdres Folkemuseum.
Foto: Anne Marte Før
Påmeldinga er no open, og det mogleg å melde seg på heilt fram til onsdag 10. juli 2024.
Den fyrste kjende tevlinga i folkemusikk vart arrangert i 1881 i Ål i Hallingdal. Det var laget Hallingluren som stod som arrangør. Det var fyrst og fremst dei eldste instrumenta ein ynskte å tevle i, mellom anna lur og bukkehorn. 143 år seinare held vi fram med kappleik for dei eldste instrumenta – i tillegg til lokk og lagdans.
Både junior og senior lagdans deltek på utekappleiken laurdag.
Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Marianne Trøyflat: marianne.gt@gmail.com | 988 18 871.
Velkomen på kappleik!
Lagdans på Valdres folkemuseum |
|
1. |
FolkemusikkUng |
2. |
Vårflaumen spel- og dansarlag |
3. |
Vestre Slidre folkemusikk- og danselag |
4. |
Valdreslaget i Oslo |