Vel møtt til ei barneframsyning basert på boka «Mari og Magnus får katt».
Mari og Magnus er søsken. No får dei endeleg oppfylt draumen om ein kattunge. Mari og Magnus lovar å passe godt på pusen, men det er lett å gøyme seg bort. Og plutseleg er vesle Tippi borte ...
Framsyninga passar godt for ungar i barnehagealder.
Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin. Ho har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i ulike sjangrar for både barn og vaksne. Blant dei mest kjende bøkene er diktsamlingane "Urd" (Brageprisen 2013) og "Sigd" (2016) og dei to krimbøkene om Clara Lofthus. Tekstane hennar er mykje brukt av ulike musikarar.
Rannveig Djønne (f.1974) kjem frå Djønno. Ho er toradarspelar og komponist og har mellom anna gjeve ut «Spelferd heim – Slåttar frå Hardanger og Voss på durspel» (2008) og «Toras Dans – populærmusikk frå Hardanger (2012) og «Skyer av Perlemor» (2023) saman med Annlaug Børsheim. Sistnemnde plate har tekstar av Ruth Lillegraven og dei har jobba saman i dei to musikkteatera «Soga om Seselja» og «Husmann».
Medverkande:
Rannveig Djønne, musikk
Ruth Lillegraven, lesing og bilete