Velkomen på laget!


Under dei hektiske festivaldagane bidreg nær 200 friviljuge i kulissane. Jørn Hilme-stemnet treng sterke hender og gode hovud for å få hjula til å gå rundt. Blir du med? 

Foto: Christine Stokkebryn

Jørn Hilme-stemnet treng mange friviljuge, mellom anna til å rydde stolar, henge opp plakatar, vere artistkontakt og ordensvakt, selje billettar og smørje brødskiver. Målet er at ein som dugnadsarbeidar også skal få oppleve festivalen og at det å realisere noko saman skal gi ei ekstra god festivaloppleving! 

Meld deg som friviljug her!

Som friviljug får du ved vakt:

  • 0–6 timar: T-skjorte
  • 6–12 timar: T-skjorte og dagspass til Valdres Folkemuseum ein dag du ikkje er på jobb
  • Over 12 timar: T-skjorte og vekepass
  • Invitasjon til frivilligfest. 

Dugnadsarmband, fribillettar og informasjon får du på festivalkontoret på Valdres Folkemuseum som er ope frå tysdag til sundag under festivalveka. Meir informasjon om vakta får du av nemdsleiaren din, og elles når du møter opp til fyrste vakt.