Kurs i gamaldans og pols


Instruktør: Martin Myhr

Foto: Knut Utler

Hugsar du dansen på lokalet? Eimen av kaffi og kringle, tonane frå ein toradar og praten rundt bordet. Var det i ein stille vals han kjende pulsslaga frå eit anna menneske? Å danse gamaldans gjer godt for kroppen og sjela. Dessutan er det ein fin måte å skaffe seg nye vener på. På dette kurset vil du få ei innføring i gamaldans og pols. Sommarkveldane på Valdres folkemuseum vil gje deg gode moglegheiter til å danse deg gjennom festivalhelga, så dette kurset er den ultimate oppvarminga! 

Kurshaldar er ingen ringare enn stordansaren Martin Myhr. Med stødig hand vil han leie dykk gjennom alt ein treng for å overleve på dansegolvet. Øyvind Sandum spelar opp, så då er både takt og tone sikra. 

Velkomen på kurs!

 

Fakta:

  • Onsdag 10. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 11. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 12. juli klokka 10.00–12.00
  • Pris: 1100 kr – som inkluderer kaffi, servering (torsdag), konsertar onsdag, torsdag og fredag

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Onsdag 10. juli kl. 15.30
Slutt: Fredag 12. juli kl. 12.00
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: 1100 kr