Kurs i langeleik


Instruktør: Kari Lønnestad

Foto: Cathrine Dokken

Den eldste daterte langeleiken som er funnen har 500 – årsjubileum i år. Dette vil vi markere med fleire konsertar, kurs og framsyningar der langeleiken står i sentrum. Dette noko beskjedne instrumentet rommar meir enn ein kanskje skulle tru, og det ynskjer vi å vise fram! Jørn Hilme-stemnet er stolt over å løfte fram langeleiken til ein plass i sola, saman med deg! Kurset passar for alle som spelar eller har spelt langeleik, og som ynskjer påfyll og inspirasjon til å halde fram.

Kari Lønnestad er langeleikspelar og folkesongar frå Telemark. No kjem ho for å lære bort langeleiktradisjonar frå Telemark.

Bli med på langeleikfeiringa og meld deg på kurs! 

 

Fakta:

  • Onsdag 10. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 11. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 12. juli klokka 10.00–12.00
  • Pris: 1100 kr – som inkluderer kaffi, servering (torsdag), konsertar onsdag, torsdag og fredag

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Onsdag 10. juli kl. 15.30
Slutt: Fredag 12. juli kl. 12.00
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: 1100 kr