Beitohaugen Granli / Karlberg / Groven Myhren


KONSERT: Nasjonalmuseet, Valdresmusea og Hilme året rundt inviterer til opning av den turnerande utstillinga «Skakke folkedrakter». Ein del av programmet er to minikonsertar med tre av våre fremste folkemusikarar. 

Konsert 1: 

Jan Beitohaugen Granli er frå Øystre Slidre, og vart utdanna ved Folkemusikkstudiet i Rauland og Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Hans fremste læremeister har vore Trygve Bolstad. Andre inspiratorar og læremeistrar er Harald Røine, Tore Bolstad, Magnus Daleng, Olav Jørgen Hegge og Knut Bolstad. Jan er kjent som ein framifrå dansespelemann og har vore mykje brukt i ly og lag og på kappleik. Han har vore ein aktiv kappleiksspelemann og har mange gode plasseringar å vise til. Landskappleiken har han vunne seks gonger: 2002, 2004 (kongepokal), 2006, 2007, 2009 og 2017. Fanitulltevlinga under Den norske folkemusikkveka på Ål har han vunne fem gonger. I 2005 mottok han Øyvind Bergs minnepris.

Konsert 2:

Øyonn Groven Myhren &  Marit Karlberg
Mot slutten av 1990-tallet skapte Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg, sjangeren tostemt slåttetralling. Dei to var sentrale i vokalkvartetten Dvergmål, som gav ut to plater “Visor og kvæde frå Blåberglandet (Grappa, 1996) og Song i himmelsalar (Heilo/Grappa, 2004), der fyrstnemnde vart nominert til Spellemannprisen.

No, over 25 år seinare, ynskjer dei to kvedarane å ta opp att den tråden, og vil utforske og ta vare på den delen av musikkarven ved å arrangere og framføre hardingfeleslåttar og slåttetralling frå Telemark, Hallingdal og Valdres som vokalduo. 

Både Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg er av våre aller fremste kvedarar med ei lang rekkje soloplater, prosjekt, prisar og kappleikssigrar i bagasjen. Øyonn er nok mest kjend i det breie lag for samarbeidet med Odd Nordstoga om tingingsverket “Nivelkinn”, og Marit kjenner mange som eine halvparten av duoen Sudan Dudan.

Det er gratis å delta, men du må reservere billett for å vere med. Det gjer du her

Hilme året rundt
Start: Laurdag 17. juni kl. 18.30
Slutt: Laurdag 17. juni kl. 20.30
Stad: Rognebygningen/Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: Gratis